Det går mot ein spennande kunstvår på Oseana! Griegsamlingen skal no gjennom store omveltningar, for fyrste gong sidan Oseana vart opna skal ustillingsrommet fyllast med anna kunst enn samlinga til Per Grieg sr! Griegsamlingen får no ein pause fram til vinteren 2016, og i mellomtida står mange spennande nye utstillingar klare til å ta plass i det flotte lokalet.
Aller fyrst ute er ei gjesteutstilling frå Bergen Kulturskule og Os kulturskule for døra.
25. april opnar vi utstillinga Åpne Sinn, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kulturskole, Os kulturskule og Oseana.
Åpne sinn er ei elevutstilling der eit mangfald av kunstretningar skal visast, alt frå skulpturar og installasjonar til animasjon og videofilm, vidare til teikningar og maleri. 240 elevar frå Bergen kulturskule og 21 elevar frå Os kulturskule i alderen 7 til 19 år stiller ut kunst.
Om utstillinga seier dei dette:
Å vere open, ha eit ope sinn, handlar om å vere open for nye sanseerfaringar gjennom å sjå, føle, lukte og oppleve omgjevnadane dine. Å vere opne betyr og at du ikkje lukkar det du opplever, tenkjer og ser inne i deg sjølv, men gjennom refleksjon og ulike val delar dine inntrykk med andre, gjennom dine uttrykk.
I visuelle kunstfag handlar det om å gje born og unge moglegheiter gjennom kunstnariske øvingar og arbeidsprosessar, blant anna til å utfordre og stimulere sansane, og gjennom bearbeiding av inntrykka deretter å skape eigne estetiske og kunstnariske uttrykk.
Kom innom og opplev ei fantastisk og mangfaldig utstilling!
Utstillinga opnar 25. april kl. 16.00 og står til 10. mai.
