Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

PUSHWAGNER

$
0
0

PUSHWAGNERS JUBILEUMSUTSTILLING

29. mai 2015 opnar Pushwagner si største utstilling i Noreg i 2015. Terje Brofos, alias Hariton Pushwagner (1940-), fyller 75 år i byrjinga av mai, og mønstringa av Pushwagner sin billedkunst i Griegsamlingen vil bli eit formidabelt jubileumsshow!

Pushwagner har i løpet av dei siste ti åra blitt eit ikon i norsk kunstliv. Han har levd ut den klassiske kunstnarmyten frå å vere ein framandgjord liten gut på Oslo sin vestkant, til å føre eit omflakkande vagabondtilvære med få andre haldepunkt i livet enn det unike teiknetalentet sitt. I 1968 møtte han forfattaren Axel Jensen på toalettet i Kunstnerenes Hus i Oslo. ”Hvordan har du det?” spurte Jensen høfleg. ”Det går til helvete” svarte Pushwagner. Eit samarbeid som skulle prege nyare norsk kunsthistorie hadde begynt. ”Jeg tegnet Axels historier, men det var min historie” fortel Pushwagner.
Og det er historier om eit einsarta og kapitalstyrt samfunn der innbyggarane ikkje lenger er individ, men robotar i eit kontrollert maskineri. Popkunsten og verkemiddel frå teikneseriar har alltid vore det visuelle kjennemerket til Pushwagner, samstundes som han brukar perspektivet på ein absolutt fabelaktig måte for å understreke det uendelege og mogleg uopprettelege i samfunnskritikken sin.

Hariton Pushwagner er på alle måtar ein gigant i norsk kunstliv, og det er ei stor ære for Oseana kunst- og kultursenter å kunne presentere han i Griegsamlingen.

Det vil bli en storslått utstillingsåpning fredag 29. mai 2015 kl. 18.00. Åpningstale ved styreleder i Festspillene, Åse Kleveland. Pushwagner vil være tilstede.

Bilde: 
Tid: 
Fredag, mai 29, 2015 - 18:00 til Søndag, august 16, 2015 - 18:00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


INUMAN QUOTES


Sapos para colorear


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Re:Mutton Pies (lleechef)