Teaser:
Frå og med 1. juni held Oseana ope kvar dag!
Bilde:

Frå 1. september 2014 og fram til no har Oseana heldt vinterstengt måndagar og tysdagar, men frå måndag 1. juni held vidørene opne kvar einaste dag heile veka!
Opningstidene er dei same som før, på kvardagane har vi ope mellom 11.00 og 16.30, medan vi på laurdagar og søndagar held ope mellom 12.00 og 18.00.
Oseana kafe og restaurant held fram med å vere stengd måndagar og tysdagar fram til måndag 22. juni, men har ope onsdagar til søndagar slik som no. På måndagar og tysdagar fram til 22. juni vil du difor kunne få enkel servering i resepsjonen.
Husk også at vi opnar den store Pushwagner - utstillinga vår fredag 29. mai, så det er ingen grunn til å ikkje legge turen innom oss!