
Initiativtager og gründer av Intempo, Heidi Aabrekk fra Sandane, ynskjer foreldre, barnehagetilsatte og andre interesserte i Os, Tysnes, Samnanger og Fusa hjarteleg velkomne til å lære meir om mat og læring.
- Intempo har som hovudmål å førebyggje lese- og skrivevanskar. Vi er overbeviste om at kunnskap er nøkkelen - og at gode verkty gjer halve jobben, seier Aabrekk.
Intempo inviterar difor til ei inspirerande fagsamling på Oseana kunst- og kultursenter 12. februar. Foredragshaldar er Berit Nordstrand - overlege, seksbarnsmor og livsnytar, Fraiva-gründer og no bestselgende forfattar av boka Mat med mer.
- Nordstrand viser deg korleis deilig kvardagsmat basert på ferske råvarer kan gje mer energi og overskot, glede, betre nattesøvn, stabil trivselsvekt, betre konsentrasjon og hukomming, større ro og betre helse. Ho omset medisinsk forskningslitteratur til enkle råd om kva du kan ete, forklarar Aabrekk.
Under kurset vil også Bravo- leiken bli presentert.
- Bravo-leken er ein 10 – 15 minutts leik som du leikar saman med borna. Målet er å fremje språkutvikling og gje barnet mestringsopplevingar i lag med trygge vaksne. Ein slik liten innsats kan forebygge lese- og skrivevanskar seinare i livet, forklarar Aabrekk. - Difor er vi svært glade for at vi også kan få presentere Bravo- leiken og at Berit Nordstrand går nøye inn på kva grep vi kan ta i forhold til maten vi et. Det blir også eit eige kurs i sjølve Bravo- leiken 14. februar i Osbadet.
Påmelding skjer gjennom denne sida: http://event.idecuben.no/intempo. Merk at Oseana tek ikkje i mot påmeldingar!
Sjå meir på www.bravoleken.no