Denne hausten kjem Riksteatret med Carlo Collodi sitt klassiske barneeventyr, Pinocchio! Gjenfortalt som ei humoristisk, vakker, tankevekkjande, spennande og litt skummel blanding av godt, gamaldags barneteater med mykje musikk og moro for heile familien!
Det var ein gong ein gammal snikkar som heitte Gepetto. Han var ganske fattig og ganske einsam. No tenkjer de kanskje: Stakkars Gepetto! Men han var ikkje ulukkeleg! Han skulle berre ynskje at han hadde nokon å snakke med. Så han laga ei dukke av tre og kalla den for Pinocchio. Og plutseleg ei natt vakna dukka til live! dersom du lurer på om det er nødvendig å gå på skulen, om det er greit å ete godteri heile dagen eller vere oppe så lenge ein vil, om pengar gror dersom ein grev dei ned, og andre nyttige ting i den duren, så er dette framsyninga for deg! Eller dersom du berre trur på fear, om du likar å snakke med grashopper og av og til kjenner deg som ein treskalle. Kanskje foreldra dine treng å lære seg litt oppdraging? Då er det berre å lure dei med deg inn i Oseanasalen! Ser du stjerna i det blå?
I rolla som Pinocchio sin gode hjelpar, Grashoppa, møter du Ivar Nergaard, sist sett på Riksteatret som sjølvaste Doktor Proktor! Guten med den lange nasa spelast av Hanne Gjerstad Henrichsen, som verkeleg er eit namn å merke seg! Manus og regi er ved Teodor Jansjon. Han jobbar som regissør, tekstforfattar og skodespelar og har vore ansvarleg for ei rekkje humorshow og musikalar, mellom anna Peter Pan på Det Norske Teatret.
Stykket varer i 2 timar inkludert pause.
På scena: Hanne Gjerstad Henrichsen, Ingolf Karinen, Elisabeth Moberg, Håkon Moe, Ivar Nergaard, Gard Pedersen, Frank Ole Sætrang og Kristian Winther
Av Carlo Collodi
Dramatisert av Teodor Janson
Regissør: Teodor Janson
Scenograf og kostymedesigner: Kathrine Tolo
Lysdesigner: Øyvind Wangensteen
Lyddesigner og musikalsk ansvarlig: Johannes Winther Farstad
Dramaturg: Tine Thomassen
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Produsert av Riksteatret.


