Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Veien til Mozart - Ketil Bjørnstad

$
0
0
Teaser: 

Ein musikalsk presentasjon av biografien "Veien til Mozart". 

Foto: Benedikte Ugland

I desember 1791, når Wolfgang Amadeus Mozart er 35 år gamal, døyr han. Midt i sin mest intense skaparperiode. Han har levd eit liv utan barndom, driven fram av musikken og faren Leopold sin ærgjerrige vilje. Han har spelt og sjarmert utallige hoff i Europa, imponert fyrstar og kongar med sin eigendomelege musikalske begaving. 

Ketil Bjørnstad var sju år då mor hans ville lære han å like Mozart. Ho sa at pianoet i stova ikkje var komen inn i huset ved ei tilfeldigheit, det skulle spelast på! "Veien til Mozart" er ein biografi som byggjer på Mozart sine brev, i tillegg til ny forskning. Men det er og ei erindringsbok der Ketil Bjørnstad fortel om sitt fyrste møte med Mozart, heime i stova på Røa. Han skriv om korleis det var å vekse opp med ein komponist han framleis spelar kvar dag. Det handlar og om dei val Bjørnstad måtte ta tidleg i livet, då han hoppa av ei karriere som klassisk utøvande pianist og istaden søkte seg ei framtid som forfattar, komponist og jazzmusikar. Det er og ein hyllest til den grensesprengande krafta som finnast i musikken, uansett tid, uansett alder. Det er ei bok om kva Mozart betyr i dag, meir enn 200 år etter at han levde. 

PRESSA SEIER: 
«En duett som funker. ... Ketil Bjørnstad skriver overbevisende om to tisdaldre og to liv. (...) Ketil Bjørnstad skriver intenst, vakkert og med stor kunnskap og innlevelse om Mozart musikk. (...) Veien til Mozart er blitt en særdeles interessant og insiktsfull duett, der budskapet er at veien til kunsten er brulagt med motstand. (...)Ingen komponist er så nøye blitt biografert og gransket som geniet Wolfgang Amadeus Mozart. Likevel klarer Ketil Bjørnstad med sitt grep å gjøre historien levende og ny. Godt gjort.» Arne Dvergsdal, Dagbladet

«Ketil Bjørnstads biografi om Mozart er blitt like mye selvbiografi som biografi. Det er et vellykket grep. (...) Veien til Mozart er en klok, innsiktsfull, velskrevet og ikke minst humoristisk bok om Mozart, Bjørnstad, musikken og livet selv.» Torild Sæter, Aftenposten

«Nærmere Michael Jackson i det 18. århundre kommer du neppe (...) En glassklar anbefaling.» Arild Rønsen, arildronsen.no

«... forfatteren improviserer med Mozart som utgangspunkt. Jeg liker suget i teksten (...) Mozart tenkte som en musiker, er Bjørnstads tese.» Ida Habbestad, Klassisk Musikkmagasin

Arrangementdato: 
tor, 19/11/2015 - 19:00
Pris: 
Kr 320,- BT kr. 260,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettservice
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Griegsamlingen
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571