Er du vår nye servicemedarbeidar?

Oseana Kunst og Kulturhus er eit hus for det lokale, regionale og nasjonale kulturlivet. Fordelt på 5 800 kvadratmeter finn du kultursal, restaurant, galleri og lokale for kurs, konferansar, møte og selskap. Oseana sine tre hovudverdiar er Inviterande, Nysgjerrig og Pådrivar.
Vi søkjer etter servicemedarbeidar.Servicemedarbeidaren vil ha hovudansvar for resepsjonen og vere vårt ansikt utad mot publikum. Vi søkjer ein serviceinnstilt person med god evne til kundebehandling. Relevant bakgrunn og erfaring samt kultur- og kunstinteresse vil vektleggast.
Stillingsprosent: 50%
Arbeidstad: Oseana Kunst- og Kultursenter
Prosjektstilling: 01.09.2015 – 01.07.2016
Spørsmål angåande stillinga kan rettast til direktør Ole Tobias Lindeberg på telefon 932 57 024 eller ole@oseana.no.
Søknad sendast til ole@oseana.no
Søknadsfristen er 01.08.2015