Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kino: Bølgen

$
0
0
Teaser: 

Den nye norske storfilmen Bølgen skyller inn over norske kinoar! 

Sjå nettside: 
Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 06/09/2015 - 19:00

Alarmen går ved skredsenteret i Geirangerfjorden. Raset geologane har frykta er eit faktum og ei gigantisk bølge er på veg mot Geirangerfjorden! Den erfarne geologen Kristian Eikjord (Kristoffer Joner) befinn seg plutseleg midt i sitt livs verste mareritt. Han er splitta frå familien sin og det er 10 minutt til det fossande infernoet treff land. Det blir ein livsviktig kamp mot klokka før dei kraftigaste naturkreftene Noreg har sett treff land. 

Bølgen er ein storproduksjon av Hollywood- dimensjonar, og blir den fyrste katastrofefilmen som er laga i Skandinavia. FIlmen er basert på det faktum at fjellpartiet Åkreneset midt i Geirangerfjorden ein dag vil rase ut og skape ei kraftig flodbølgje på over 80 meter, som kjem til å knuse alt på sin veg før den treff land i Geiranger. På folkemunne kallast fjellet for "Dødsfjellet". Fjellpartiet har nemleg ei over 700 meter lang og stadig veksande sprekkdanning som utvidar seg med 10 til 15 centimeter i året. Forskarane er einige om at raset ein dag vil kome - dei veit berre ikkje når...

Noregs fyrste katastrofefilm får også æren av å opne Den Norske Filmfestivalen i Haugesund 2015! 

Filmen er regissert av Roar Uthaug, som og skapte grøssarsensasjonen Fritt Vilt.

Filmen har aldersgrense 15 år. Born over 12 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen. 

 

Pris: 
Kr. 100,-
Body2: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Born familie

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571