Det er på tide å tenkje på julebordet!

Har du starta å tenkje på årets julebord? Viss ikkje er det kanskje på tide no! Oseana tilbyr julebord med ulikt innhald, alt etter kva som passar best for di bedrift, dine kollegaer eller familie og vener! Du kan kjøpe ferdige julebordpakkar, eller du kan be oss om tilbod på lukka arrangement. Ta kontakt med Janne Mari på janne@oseana.no for bestilling eller meir info!
26. november kl. 19:30 - TRØTT, FEIT OG FØRTI
Foredragshaldar Pasi Salonen gjev deg ein inspirerande time med fokus på korleis arbeid, endringar og det å ha det bra gjer at du blir ein betre arbeidstakar, arbeidsgjevar og kollega. Med bakgrunn som toppidrettsutøvar og med sjefsroller i både eigne og andre bedrifter gjev han deg tydelege eksempel på kva som utgjer den store skilnaden. Du kan lese meir om Pasi her!
JULEBORDPAKKE kr. 640,-
28. november kl. 19:00 - AKSEL KOLSTAD SHOWKONSERT
Aksel er ein innovativ og nytenkjande pianist som skreddarsyr klassiske konsertar for alle publikum. Kolstad klarer å kombinere musikken med god humor, noko som gjev eit unikt show med høg underhaldningsverdi. Han er ein showmann utan like og ein språkmektig entertainer som alltid tek publikum med storm. Det skal jo og seiast at han kler seg litt annleis enn dei fleste andre klassiske pianistar.... Du kan lese meir om Aksel her!
JULEBORDPAKKE KR. 650,-
5. desember kl. 19:00 - JULEBORD
Vi arrangerer klassisk julebord for di bedrift saman med andre bedrifter. Tradisjonell julemat, dessert og kaffi og levande musikk med dans. Passar perfekt for små eller mellomstore bedrifter, eller for vennegjengar.
JULEBORDPAKKE KR. 790,-