Glenn Erik Haugland presenterer nye komponistar frå Session Studio E39!
Komponist Glenn Erik Haugland frå Os presenterer heile åtte nye komponistar som alle er ein del av det nye tilbodet for unge komponistar - Session Studio E39.
- Vi er jo så mange no som lagar musikk her i Os at vi snart kan danne Os Komponistforening, seier Haugland.
Søndag 11. oktober får heile 7 av dei 8 komponistande sin debut i Griegsamlingen på Oseana. Dei har fått i oppdrag å skrive for pianist Inger- Kristine Riber og Heidi Luosujärvi (trekkspel), og har jobba med musikken sidan april. I tillegg vil denne duoen framføre nyskriven musikk av Glenn Erik Haugland, Ragnhild Tronsmo Haugland og Os-komponist Tonje Hernes, som nyleg avslutta si komponistutdanning på Griegakademiet.
- Det er ein fargesprakande og frodig gjeng med komponistar vi kjem til å få høyre. Ikkje veit eg, men eg trur nesten det må vere Noregsrekord med så mange debutar på ein og same konsert, legg Haugland til.
Desse 7 komponistane vil få sin offentlege debut som komponistar denne kvelden:
Jone Kuven - 18 år gamal frå Os. Går på Langhaugen vgs og ønskjer å utdanne seg til å bli komponist.
Aina Hatlevik - 30 år frå Bømlo. Har musikkutdanning frå ulike skular og satser no på å komponere musikk.
Geir Brekke - 60 år frå Sunnhordaland. Arkitekt med bakgrunn som gitarist i ulike band. Har som mål å fylle eit heilt album med sin eigen musikk.
Amund Bramness Vaage - 18 år frå Kvinnherad. Går på Stord vidaregåande skule. Er i full gang med å studere komposisjon.
Anne Goro Tronsmo Haugland - 28 år frå Os/Oslo. Fiolinist som også utdannar seg innan dans, og har som mål å lage musikk til sine eigne framsyningar.
Eric Tryland - 16 år frå Kristiansand. Går på Konshaug Musikkgymnas og har bakgrunn innan elektronisk musikk.
Grethe - Johanne Knudsen - 16 år frå fra Ørnes i Nordland. Låtskriver med spesiell teft for gode melodiar. Høyr meir her!
I tillegg vil den velkjente korkomponisten og osingen Norvald Johan Kobbeltvedt (66 år) få urframført eit nytt verk for duoen.
MIDDAG FØR KONSERTEN?
Ynskjer du å kombinere konsertopplevinga di med ein betre middag? Ring Oseana kafé og restaurant for bordbestilling på 53 69 51 40!

