Helge Jordal med si fantastiske og bejubla einmannsforestilling!
Kveld etter kveld har Helge Jordal spelt Førstereis for utselde hus på Den Nationale Scene i Bergen, og kritikarane har vore over seg av begeistring. No reiser han kysten rundt med teaterhistoria om guteheimsbarnet Martin som rømmer til sjøs. Vi blir med han på vakttørner på brua, raggadis i Antwerpen, julefeiring ombord, heilt aleine på det opne havet og møtet med den vakre Christina frå Rio de Janeiro som gjer at han aldri blir den same igjen.
Førstereis tek utgangspunkt i den store sjøfartstida i Noreg etter andre verdskrig. Ei epoke då redninga for mange unge menn låg i moglegheita til å dra til sjøs.
-Helge Jordal og teamet bak Førstereis har trudde ein nerve, seier Ellen Horn. -Nordmenn si interesse for norsk sjømannshistorie er enorm. Vi kjenner alle nokon som har vore til sjøs, og mange ynskjer no å lære meir om kva betydning sjøfolket har hatt for landet vårt.
Pressa seier:
«Eventyrlig seilas med Jordal» (VG, terningkast 5)
«En strålende teateropplevelse» Bergens Tidende
«Får deg til å tro at du er et helt annet sted.» Dagbladet
«En scenisk kraftprøve som imponerer» Bergensavisen (terningkast 5)
OPPLEV MEIR!
Vandreutstillinga Førstereis vil følge turneen, og kan opplevast i foajeen før forestilling. Hvalfangstmuseet i Vestfold har motteke nær hundre beretningar frå tidlegare sjøfolk, der dei sjølv fortel om korleis dei opplevde sin fyrste tur til sjøs. Utstillinga har hovudfokus på arbeidsoppgåvene dei unge fyrstereisgutane vart sette til å gjere, ofte bysse- eller messegut med lange og travle arbeidsdagar. Overgongen frå livet heime hos mor og far vart nok brå for noko, medan andre var godt vande med å stå tidleg opp og vere i jobb.
Med Helge Jordal
Av Morten Lorentzen
Regissør: Lasse Kolsrud
Scenograf: Carle Lange
Lysdesigner: Morten Reinan
Lyddesigner: Espen Beranek Holm
Produsert av Den Nationale Scene.


