Gjenopplev musikken til supergruppa ABBA gjennom kanskje verdas beste tribute-band, det britiske bandet 1974!
Denne kvelden vender du garantert tilbake til glansdagane då ABBA regjerte på pophimmelen. Det er som å sjå dei fire originalmedlemmane, og klassiske slagarar som Dancing Queen, Take a Chance on Me og Waterloo vil kanskje få fram eit godt minne eller to frå den tida. Når Aileen McLaughlin og T.J. Davis (eller er det Agnetha og Anni-Frid?) entrar scenen, er det ikkje berre utsjånad og kostymar, men også to fantastiske stemmer som får oss til å lura på kven desse to eigentleg er. Robin Scott og Jules Dodd, som henholdsvis Benny og Bjørn, gjer supergruppa komplett.
At verda ikkje har gløymd den fantastiske musikken til ABBA, er tydeleg ut frå populariteten til dette tribute-bandet. Med platåskoa sine, er dei å treffa over heile verda - på festivalar, i konsertsalar, i teater - ja over alt der konsertar kan framførast. 1974 har blant anna spelt med store namn som Rod Stewart, Spice Girls, Kylie Minogue, Tom Jones og Sir Cliff Richard. No er dei altså klare for Skandinavia og OSEANA!


