Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

AURORA

$
0
0
Teaser: 

AURORA er tilbake, og held ein av to konsertar i Bergensområdet i 2016 på Oseana! 

Foto: Hart and Leshkina

Heile verda har blitt Aurora Aksnes si nye heimebane. 27. februar 2016 inntek ho si gamle heimebane og held konsert heime på Os!

Stjerneskotet Aurora når stadig nye milepælar i si relativt korte musikkarriere, og akkurat no skapar ho furore i årets julereklame for det engelske varehuset John Lewis. For fyrste gong er ein ikkje-britisk artist plukka ut til det ærefulle oppdraget, og Aurora skapar begeistring verda over med sin versjon av Oasis- låten «Half the World Away». I skrivande stund har filmen blitt sett nær 18 millionar gongar på YouTube! 

Det er difor med stoltheit i stemma arrangementssjef Berit Steen no kan meddele at ein av to konsertar i Bergensregionen neste år blir på Oseanascena. 
  - Vi var så heldige å ha konsert med Aurora her i februar i 2015. At vi får endå ein konsert eit år etterpå er intet mindre enn utruleg! Denne jenta reiser verda rundt, men prioriterer å få til endå ein konsert heime på Os, noko vi sjølvsagt er svært glade for! 
Konserten i fjor vart utseld, og Steen oppfordrar publikum til å ikkje la ein ny sjanse gå frå seg. 
  - Eg får framleis gåsehud av den konsertopplevinga. Den vesle jenta trollbatt publikum frå start til slutt, og fleire publikummarar sa det var noko av det beste dei hadde opplevd. 

Det nye albumet kjem ut på vårparten 2016, og i mellomtida skal Aurora opptre både på prisutdelinga P3Gull og på Nobelkonserten. 

Aurora sjølv gler seg også til å kome tilbake til Os: 
«Det kjennest alltid godt å opptre på min eigen heimstad når ein er så mykje vekke heimanfrå! Verda er fin den, men eg kjenner det blir ekstra godt å få legge seg i si eiga seng etter å ha stått på scena der eg vaks opp. Eg gler meg masse! Håpar nokon kjem.» 

 

Les historia om korleis Aurora vart plukka ut til John Lewis- reklama her

Arrangementdato: 
lør, 27/02/2016 - 21:00
Pris: 
Kr. 375,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettservice
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Video: 
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571