Lurer du på kva som skjer på Oseana utover våren 2016? Møt opp på Oseana 5. desember så får du svaret!

Det nærmar seg eit nytt år, og like sikkert som at julekvelden nærmar seg, så presenterar Oseana det heile og fulle vårprogrammet.
- Laurdag 5. desember kl. 13.00 slepp vi heile vårprogrammet vårt, seier ein sprekkeferdig arrangementssjef, Berit Steen. Ho har jobba på spreng for å få dei siste detaljane på plass før sesonglanseringa, og no ser det meste ut til å vere på plass.
- Noko av vårprogrammet er allereie lansert, som Riksteatret sine framsyningar og nyheita om at Aurora kjem tilbake til oss. Men vi har mykje meir på lager som vi håpar og trur vil falle i smak hos publikum, smiler Steen.
- Vi jobbar alltid hardt med å få programmet klart før jul, slik at folk kan gje vekk billettar og opplevingar i julegåve. Kva er vel betre å legge under treet enn ei god kulturoppleving, gjerne saman med gode vener?
Programsleppet finn stad i foajéen på Oseana laurdag 5. desember kl. 13:00.
- Då kan publikum også få med seg eit eksemplar av det trykte programmet, som blir distribuert i postkassene fyrste veka i januar. Det er ope for alle, og det blir også gløgg, peparkaker og risengrynsgraut til alle som kjem. Og er du heldig og finn mandelen i grauten, då vankar det fine premiar, lovar Steen.