Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Ekstra bussar til Aurora

$
0
0
Teaser: 

Skyss set opp ekstra bussruter i samband med Aurora- konserten 27. februar. 

Bilde: 

Foto: Hart and Lekisha

 

Ein utseld Aurora-konsert krev mykje logistikk. 

 - Det vil bli 1150 publikummarar i salen denne kvelden, og så mange parkeringsplassar har vi ikkje, smiler arrangementssjef Berit Steen. 

Oseana har vore i kontakt med Skyss, og det vil bli sett opp ekstra bussavgangar både før og etter konserten. 

 -  I tillegg til dei ordinære rutene, vil det bli to ekstra bussavgangar frå Bergen, ein kl. 19.50 og ein kl. 20.50. I tillegg går det to ekstra bussar kl. 00.10 frå Osøyro til Bergen, forklarar Steen. 

Det skal difor vere enkelt å kome seg til og frå konsert, og Steen oppfordrar publikum til å nytte seg av anten offentleg transport eller apostlane sine hestar denne kvelden. 

 

TRANSPORTINFO buss nr. 600. 

Ruter frå Bergen til Os: (køyrer frå perrong L på Bergen Busstasjon)

Ekstra kl. 19. 50 (1 buss)

Ekstra kl. 20.50 (1 buss)

 

Ruter frå Os til Bergen:

Ekstra kl. 00.10 (2 bussar)

Merk at desse bussane kjem I TILLEGG til dei ordinære rutene. Bussrute for nr. 600 finn du her

 

Ikkje billett endå? Ver rask, så kanskje du kan sikre deg ein! Sjekk HER om det er fleire ledige! 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571