Support for Aurora er stjerneskotet SILJA SOL!
Foto: Martin Høye
2015 var eit stort år for Silja Sol, med både Spellemann-nominasjon, Urørt-finale og konsertar på nokre av dei største festivalane i landet, som Øya, Slottsfjell og Bergenfest. I tillegg låg ho på Topp 10- listene over Årets Beste både hos Dagbaldet, VG, Dagens Næringsliv og Bergensavisen.
Ho vann norske hjerter med singelen Stemning frå det kritikarroste debutalbumet På Hjertet, eit album der BT kasta terningen til 5 og kalte det "En rå og skinnende bergensdebut"! 22. januar i år slapp ho oppfølgaralbumet Væremeh.
Væremeh befinn seg i same sporet som På Hjertet, men vi møter ein langt meir sjølvsikker og tydeleg Silja Sol. Ho veit kva ho vil og korleis ho vil ha det. Ho vil "væremeh". Gå litt ut av komfortsonen og inn i blindsona, slenge seg på i staden for å vente på ein invitasjon i posten. Alle vil væremeh, i følge Silja Sol. Og då er det viktig å seie i frå. Seie "Eg vil væremeh!" heller enn å vente på at alt mogleg skal skje. Men det er også viktig å spørje: "Vil du væremeh?" Låtane på Væremeh handlar framleis om einsemd, det å kjenne seg misforstått og hamne litt på utsida av det heile. Samtidig leikar ho seg og lagar låtar med humor og personlegdom, der stilen og tematikken serverast frå ein skråvinkel. Silja Sol sitt univers kan verke enkelt og nesten litt naivt, men høyrer du etter finn du kanskje fleire lag i tekstane hennar - eit mørke på djupta ein stad.
Silja Sol går på scena kl. 21.00.
Billettane til konserten er dessverre utselde!

