Steppin' OUT er eit nyetablert band sett saman av medlemmar med lang og lengre fartstid innanfor musikk og underhaldning. Bandet femnar vidt og spelar det dei sjølv synes er gøy å spela. Nye innpakningar av gamle låtar, samt interesse for musikalske detaljar, set sitt preg på det publikum får oppleve. No inviterar dei for fyrste gong til konsert i Griegsamlingen.
Bandet sine faste medlemmar er:
Kristine Bjånes: Vokal
Her har ho det som ei dronning omgitt av staute karar, til avkobling frå jentegruppa Taus, der ho syng til dagen. Ho har lang fartstid som solist, kordirigent og vokalcoach. Jobbar òg som barnehagelærar, når det høver seg.
Jan Haaland: Vokal og gitar
Arkitekt og kunstnar på si. Har fartstid med Tornado og har rock 'n roll i ryggrada. Men han drar gjerne ein ballade når det trengs.
Knut Vidar Garlid: Tangentinstrument av alle slag
Kommunal skuleplanleggar. Ein sprelsk arrangør av låtar og viden kjent som ein dyktig pianist og akkompagnatør.
Nils Midtseter: trommer og perkusjon - og ordnar lyd
Elektroingeniør. Ein halvsvensk energibunt som fiksar alt.
Bar frå 19:00.
Unummererte plassar.
Garantert god stemning!
Besøk bandet si eiga Facebookside her!


