Oseana inviterer til ein kveld med øl, mat og foredrag!
I samband med Oseana Ølfestival som går av stabelen 18. juni, arrangerer vi øl- relaterte aktivitetar også resten av året. Det blir heimebryggarkonkurranse med kåring under ølfestivalen, og det blir også bryggekurs med Birger Storaas 16. april.
No inviterer vi til Ølskule med Tarjei Skeie 28. april! Dette blir ein kveld i IPA'en sitt teikn, der Tarjei vil gå gjennom historia til dagens IPA, samstundes som gjestane får høve til å smake seg gjennom og samanlikne ulike typar IPA.
- Dette høver like godt for dei som ikkje har noko som helst slags kunnskap om øl, til dei som kanskje veit litt eller mykje. Det krevst ingen forkunnskapar, interesse eller nysgjerrigheit på å lære meir om øl held i massevis, smiler Tarjei.
Du vil få høve til å smake på 6 ulike typar IPA, der Lysefjorden og 7 Fjell vil vere blant dei lokale alibia. Oseana kafé og restaurant står for matserveringa denne kvelden, og gjestane vil få servert mat som høver til ølet.
- Det blir eit fint utval av ostar, skinker eller anna kjøtmat som høver godt til dei ulike øla, forklarar dagleg leiar Roald Mjeldstad.
Det er eit avgrensa antal plassar til denne kvelden, og det krevst påmelding i førekant. Her er det fyrstemann til mølla!
Ring restauranten på 53 69 51 40 for å melde deg på, eller stikk innom dei i opningstidene!
Ord. pris: 475,- BT Fordelskort: 400,-


