Velkomen til 17. mai- feiring på Oseana!
Tradisjonen tru kan du også i år tilbringe store delar av nasjonaldagen på Oseana!
Oseana kafé og restaurant
Restauranten opnar allereie kl. 11.00 for sal av is og brus.
Mellom 13:00 - 15:30 inviterar dei til ein herleg 17.mai- buffet!
Kr. 595,- for vaksne, kr 250,- for barn mellom 4 -12 år.
For bordbestilling, ring 53 69 51 40.
Jazzkonsert i foajéen
Frå kl. 17.00 kan du oppleve Osøren Jazzensemble i foajéen. Det blir swingande tonar frå gjengen som har levert 17. mai- jazz på Oseana så lenge det har vore ope! Garantert god stemning og laus snipp!
Osøren Jazzensemble har følgande besetning:
Geir Mildestveit - klarinett
Are Ovesen - trompet
Geirmund Sandven - trombone
Terje Neset - banjo og vokal
Ole Amund Gjervik - kontrabass
Frank Jakobsen - trommer
Det blir bar i foajéen under konserten, og her har du og moglegheit til å kjøpe rømmegraut og spekemat, i beste 17.mai- tradisjon!
Velkommen til nasjonaldag på Oseana!
Merk: resepsjonen held ikkje ope for ordinært billettsal denne dagen.


