Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Heia Flåklypa!

$
0
0
Teaser: 

Solan, Ludvig og den store melkespannkastekonkurransen! 

Dra meg baklengs inn i fuglekassa! Endeleg blir det teater av den fantastiske verda til Solan, Ludvig og Reodor Felgen! Dette er fyrsteklasses familieunderhaldning - både for gamle Flåklypa-fans og nye tilhengarar.

Den tradisjonelle melkespannkastekonkurransen nærmar seg, og alle i Flåklypa er sikre på at deiras eigen representant Emanuel Desperados går av med seieren. Men det går skumle rykter om at ein sterk konkurrent frå Oslo nærmar seg bygda! Samtidig står det gode gamle meieriet i fare for å bli seld til storkapitalen. Desperados får dessuten tilbud om å kaste for konkurrenten. Her er det nokon som ikkje har reint mjøl i posen! Kvenstår bak? Korleis har dei tenkt å røve til seg seieren? Og kva i all verda skal Solan og Ludvig gjere for å hindre katastrofen? Endeleg skal det avgjerast kven som er best, Flåklypa eller Oslo!

Med ei herleg historie og mykje sang og musikk, skal Kjell Aukrust sine kjende og kjære figurar få liv på scena. Aukrust har fanga den norske folkesjela, seiast det, og no skal Riksteatret fange det norske folk. Etter framsyninga kan du få helse på karakterane i Flåklypa! 

Framsyninga varer i 2 timar, inkludert pause. 

På scena: 
Simon Andersen, Nils Johnson, Ingolf Karinen, Daniel Karlsson, Peter Brandt Kippersund, Kikki Stormo og Frank Ole Sætrang. 

Team:
Basert på Kjell Aukrust sine bøker. 
Manus: Gorm Jenseg
Regissør: Lars Erik Holter
Scenograf: Dordi Strøm
Kostymedesigner: Ingrid Nylander
Komponist: Marius Podolski
Lysdesigner: Arne Lindberget
Videodesigner: Åsmund Bøe
Dramaturg: Tine Thomassen

Urpremiere 29. september på Riksteatret i Nydalen. Turnépremiere 5.oktober i Tynset, før den skal vidare på turné til 70 spelestadar hausten 2016 og våren 2017.

 

Arrangementdato: 
søn, 05/02/2017 - 17:00
Pris: 
Ord. bill. kr 245,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/498127?language=no-no
Arrangør: 
Riksteatret
Arrangement: 
Born familie
Sal: 
Oseanasalen
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


UPDATE SC IDOL: TWO BECOME ONE


KASAMBAHAY BILL IN THE HOUSE


Girasoles para colorear


Presence Quotes – Positive Quotes


EASY COME, EASY GO


Love with Heart Breaking Quotes


Re:Mutton Pies (lleechef)


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


FORTUITOUS EVENT


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Smile Quotes


Letting Go Quotes


Love Song lyrics that marks your Heart


RE: Mutton Pies (frankie241)


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes