Kunstformidlar/kurator – 2-årig prosjektstilling

Kunstformidlar/kurator – 2-årig prosjektstilling
Oseana kunst – og kultursenter
Oseana Kunst- og Kultursenter er etablert med ein eigen kompetent og dynamisk stab og har eige styre. Unikt for senteret er at det har si eiga avdeling for kunst beståande av Griegsamlingen. Griegsamlingen omfattar den private samlinga til skipsreiar Per Grieg sr., samt temporære salsutstillingar i utstillingslokalet Galleri Hvelvet.Då vår noverande kunstformidlar/kurator flyttar til Austlandet, søkjer vi no etter ein ny person som skal føre utviklinga av kunstdelen i senteret vidare.
Stillinga er ei prosjektstilling over 2 år.
Stillingsprosent: 70%
Løn etter avtale.
Bakgrunn og eigenskapar:
Vi søkjer ein person med høgare utdanning innan kunsthistorie, og som i tillegg har interesse og erfaring frå formidling mot publikum i alle aldrar. I tillegg til faglig kompetanse vil det bli lagt vekt på gode evne når det gjeld samarbeid og sjølvstendig arbeid.
Du skal ellers:
Leie og vere pådrivar for utviklinga av kunsthuset Oseana, derav Griegsamlingen og Hvelvet
Drive kunstformidling/ foredragsserie til publikum
Vere Oseana- pedagog i samband med kunstdelen av Oseana sitt skuleprogram Friskunst.
Utarbeide nye utstillingskonsept i samarbeid med leiinga
Ha det faglege ansvaret for kunsten.
For meir informasjon, kontakt direktør Ole Tobias Lindeberg.
ole.tobias.lindeberg@oseana.no eller tlf 93257024
Søknad seinast til ole@oseana.no innan 07.08.2016