Familiefilm
Ein dag gråtass er ute i skogen for å hjelpe til med tømmerhogsten, fell eit stort tre over han! Han blir nesten totalvrak, og "hjartet" hans; den magiske tennpluggen, lyser svakare og svakare. For å redde bestevenen sin, skundar Gustav seg å flytte tennpluggen over i ein annan motor. Gråtass vaknar og oppdagar til sin store skrekk at han er ein glinsande, raud sportsbil! Men sjokket går raskt over då han ser all den positive merksemda han får. Det blir rally, fart og spaning når den stadig meir populære Gråtass stiller opp i billøp!
Men Gustav saknar den gode, gamle traktoren. Vil Gråtass nokon sinne bli seg sjølv igjen?
Varigheit: 1 t. 24 min.,
Tillatt for alle.
Billettar kan du kjøpe i resepsjonen på Oseana frå 28. august.


