Komedie
Gilbert og egg er ingen særleg god kombinasjon. For Gilbert har eggallergien ført til både mobbing og pinlege situasjonar.
Når Gilbert og familien flyttar, gjør han alt for å halde allergien hemmeleg for dei nye venane - særleg nabojenta Line som er kaptein på hockeylaget.
Men når den sjukt sjølvopptekne tante Doris dukkar opp som barnevakt veka før jul, går Gilbert si nye verd bokstaveleg tala rett i dass! Den utspekulerte tanta gir han namleg egg med vilje!
Gilbert lærer snart at angrep er beste forsvar og han legg ein vanvittig hevngjerrig plan for sjølvaste julafta.
Filmen er basert på den prisvinnande boka Egg av Stein Erik Lunde. Gilberts grusomme hevn er ei historie om venskap, og om å tørre å vere den ein er.
Med ei god blanding av humor og alvor er dette ein film for både born og vaksne.
Lengde 1 t. 30 min.
Tillatt for alle.
Billetter kan du kjøpe i resepsjonen på Oseana frå 11. september.


