
Foto: TV2
Set av 23. og 24. oktober, då kjem nemleg Norske Talenter tilbake på Oseana!
Sist showet gjesta huset var i 2013, og Oseana var fylt til randen i to døgn med både deltagarar og publikum! No har du sjansen til å få med deg denne opplevinga ein gong til, anten du vel å vere deltagar eller publikum.
I år som i 2013 får vi besøk av Solveig Kloppen, som skal vere programledar, samt jurymedlem Mia Gundersen. Dei øvrige tre dommarane er Bjarne Brøndbo, Linn Skåber og Suleman Malik.
Har du lyst å delta i Norske Talenter er det framleis råd å melde seg på her!
Vil du vere publikum kan du gå til denne sida for å få billettar.
MERK! Oseana har ikkje distribusjon av desse billettane, du må henvende deg via Norske Talenter sine nettsider for å få tak i billettar.