Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Ope kvar dag fram til jul!

$
0
0
Teaser: 

Oseana held fram med å halde ope kvar dag heile veka! 

Bilde: 

 

Oseana kunst- og kultursenter har hatt svært gode besøkstal dei fyrste to kvartala i 2016 og satsar difor vidare med å halde ope kvar dag, fram til jul. 

  - Vi ynskjer å gje osingane eit endå betre servicetilbod, grunngjev direktør Ole Tobias Lindeberg den nye satsinga med.  

 

Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september, noko som har betydd at heile huset har vore stengt måndagar og tysdagar. Både i resepsjonen og i kafeen merkar dei no at fleire og fleire osingar er innom huset på dagtid i vekene, både i lunsjpausen og etter arbeid. 

  - Vi har hatt ei sterk auke i bruk av lunsjtilbodet vårt siste halvår, seier Mjelstad, og Lindeberg kan bekrefte at den same trenden gjer seg gjeldande i resepsjonen. 

  - Mange stikk innom oss i lunsjen for å kjøpe billettar, eller på vegen heim frå arbeid. Dette syner at det er eit tilbod som osingane nyttar seg av. Heile huset held difor fram med å vere ope sju dagar i veka, i fyrste omgang fram til jul, seier Lindeberg. 

 

Å kunne tilby eit mattilbod i samband med kulturarrangementa på huset er eit viktig tilbod for Oseana kafé og restaurant. Med vidareføringa av vekesope hus meiner Mjelstad at endå fleire kan få sjansen til å nytte seg av dette tilbodet. 

  - Mange vel å bruke oss før eller etter dei har vore på eit arrangement, og kombinerer dermed kulturopplevinga si med ei matoppleving. Her har vi merka større og større pågang, og på fleire av konsertane utover hausten har vi allereie no nesten fullbooka restaurant, fortel Mjelstad. 

Lindeberg er einig: 
  - Å ha heile huset ope kvar dag gjev oss ein endå større fleksibilitet til å kunne tilby dette, spesielt no når vi går inn i høgsesongen med kulturarrangement og julebord, avsluttar Lindeberg.  

 

Opningstider i resepsjon/ billettluke og kunstutstillingar:
Måndag - fredag: 11.00 - 16.30
Laurdag - søndag: 12.00 - 18.00

 

Opningstider Oseana kafé og restaurant:
Måndag - laurdag: 12.00 - 19.00
Søndag: 13.00 - 17.00 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


UPDATE SC IDOL: TWO BECOME ONE


KASAMBAHAY BILL IN THE HOUSE


Girasoles para colorear


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


Re:Mutton Pies (lleechef)


Re: lwIP PIC32 port - new title : CycloneTCP a new open source stack for...


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


From Male to Female


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Inggit Quotes and Taray Quotes


“Sayo lang ako sigurado”


RE: Mutton Pies (frankie241)


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Vimeo Create - Video Maker & Editor 1.5.2 by Vimeo Inc


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 11.8.1 by Vimeo.com, Inc.