Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Pilotprosjekt på Oseana

$
0
0
Teaser: 

Oseana streamar teaterframsyning direkte til to sjukeheimar!

Bilde: 

 

Foto: Riksteatret

Torsdag 22. september kjem Riksteatret til Oseana med suksessframsyninga "Fortrolige samtaler", som er basert på livshistoria til Ingmar Bergman si mor. Det er Liv Ullmann som har regien, og stykket har hausta strålande kritikkar og spelt for fulle hus ute på turné. 

No skal Oseana i samarbeid med Riksteatret teste ut eit prosjekt der framsyninga blir livestreama til to ulike sjukeheimar denne kvelden. 

- Så vidt vi veit er dette første gong at ei teateroppsetjing kan opplevast på tre stader samtidig, fortel Mette Hægeland Blom, som er informasjonssjef ved Riksteatret. Initiativet kjem frå Riksteatret, ved direktør Tom Remlov, som har hatt ein draum om å gjere dette sidan han tok plass i direktørstolen i 2014. 

  - Det er veldig kjekt at vi no får til eit slikt prosjekt, og kjekt at Oseana tok denne utfordringa, seier Remlov. - Det blir spennande å sjå korleis dette fungerer i praksis, og korleis det blir motteke av dei som ikkje sit fysisk i teatersalen. 

Sjukeheimane som får sjå stykket denne kvelden er Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os og Bergen Røde Kors Sykehjem. Det er difor ikkje eit kommersielt prosjekt. 

  - Riksteatret skal vere eit teater for heile landet. Ved å gjere dette når vi ei gruppe som som gjerne vil, men har vanskar med å kome seg til kulturhuset, seier direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg, som ikkje var sein med gripe denne moglegheita då den kom. - Det er veldig kjekt å få samarbeide med Riksteatret på eit slikt pilotprosjekt. Verdsveven gjev oss fantastiske moglegheiter til å dele opplevingar med så mange, eller så få, som ein ynskjer. Desse prosjekta kan bli så store som ein sjølve vil. 

Remlov og Lindeberg vil sjølve vere til stades både på Luranetunet og på Røde Kors Sykehjem for å ta del i opplevinga saman med bebuarane. Det er Os-firmaet Varde Media som står for den tekniske produksjonen. Framsyninga i Oseanasalen er utseld. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571