Ynskjereprise av Kongens nei på Den store kinodagen!
Laurdag 5. november arrangerast Den store kinodagen på alle kinoar over heile landet! Dette er kinoens eigen festdag, og det er halv pris på alle billettar! Billettar til Den store kinodagen kjøper du i resepsjonen på Oseana som vanleg.
Kongens nei handlar om dei tre dramatiske døgera i april 1940, då den norske kongen får eit ufatteleg ultimatum av den tyske krigsmakta: kapitulasjon eller døden.
Med tyske fly og soldatar i hælane tvingast kongefamilien på flukt. Dei bestemmer seg for å skilja lag utan å veta om dei nokon sinne vil sjå kvarandre igjen. Kronprinsesse Märtha reiser med borna til Sverige, medan kong Haakon og kronprins Olav blir igjen i Noreg for å fortsetja kampen. Etter tre døger på desperat flukt, fattar kong Haakon si endelege avgjerd. Han nektar å kapitulera - sjølv om det kan kosta både han sjølv, familien hans og mange uskyldige nordmenn livet.
Kong Haakon og kronprins Olav spelast av Jesper Christensen og Anders Baasmo Christiansen.
Regissør: Erik Poppe
Aldersgrense: 9 år
Lengde: 2 t. 13 min.
Pris: kr. 50,-
Billettar kjøpast i Oseana sin resepsjon. Unummererte plassar.


