Den nye barnefilmen Trolls på Den store kinodagen!
Laurdag 5. november arrangerast Den store kinodagen på alle kinoar over heile landet! Dette er kinoens eigen festdag, og det er halv pris på alle billettar! Billettar til Den store kinodagen kjøper du i resepsjonen på Oseana som vanleg.
Bli kjent med dei nyaste skapningane frå DreamWorks Animation, nemleg TROLLS! Vi treff dei i eit fargesprakande, eventyrleg og musikalsk univers, laga av gjengen bak Shrek. I hovudrollane møter vi Poppy (Marion Ravn) som den optimistiske leiaren av Trolla, og motpolen hennar, Kvist (Atle Pettersen). Saman legg dei to ut på eit eventyr som tek dei til ei verd langt utanfor det dei nokonsinne har kjent til.
Filmen varer i 1t 32 min og er tilleten for alle.
Pris: kr. 40,-

