Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Høgtidstenging på Oseana

$
0
0
Teaser: 

Oseana held stengt i perioden 23.12 til 5.1, men opnar opp for Romjulsbluesen.

Bilde: 

Oseana stengjer dørene til jul søndag 23. desember. Siste arrangement før jul blir den direkte overføringa frå Den Norske Opera & Ballett: Nøtteknekkeren, som visast i Oseanasalen 22. desember frå kl. 15:00. Dette arrangementet kan du lese meir om her.

Einaste unntaket i julestenginga skjer laurdag 30. desember, då den tradisjonelle Romjulsbluesen finn stad i Oseanasalen, i regi av Osøren Blues & Jazzfestival. Merk at det ikkje er vanlege opningstider denne dagen, men resepsjonen vil open frå kl. 19:00. Konsertstart er kl. 21:00.

Vi opnar dørene igjen søndag 6. januar, med vanlege opningstider kl. 12:00 - 18:00. Denne søndagen er også fyrste kinovisning i 2013, og Bygdekinoen kan friste med gjensyn med Oppdrag Nemo for dei yngste kl.16.00, og den nye filmen "Historien om Pi" kl.19:00, som er bygd på boka med same namn. Trykk på titlane for å lese meir om filmane. Billettane kjem i sal frå tysdag 18. desember i resepsjonen, eller dei kan som vanleg kjøpast i døra. Prisen er som i fjor kr. 80,- for barnefilmen og kr. 100,- for filmen for dei vaksne. Merk at på våren 2013 blir kinosøndagane i oddetalsveker.

Måndag 7. januar held vi som vanleg stengd, men frå tysdag 8. januar er vi inne i vanleg gjenge med opningstidene 11:00 - 16:30 på kvardagar og 12:00 - 18:00 i helgane.

Måndag 7. januar er også dagen då programmet frå våren blir offentleggjord, så føl med på heimesidene våre for oppdateringar! Programmet vil også bli distribuert i postkassene til osingane i perioden 7. - 9. januar. Vi håpar at vårprogrammet fell i smak, og at du får mange anledningar til å besøkje Oseana også i 2013.

Vi på Oseana ynskjer alle ei fredeleg julehøgtid, og ynskjer velkomne attende til nye, gode opplevingar i 2013!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Long distances monthsary message tagalog


Best Love Life Quotes Collection


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Tropa Quotes


INUMAN QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.