Thriller / drama
I denne thrilleren møter vi Rachel som slit med å halde hodet over vatnet etter ei vond skilsmisse.
På hennar daglege pendlarturar til New York køyrer toget forbi den gamle heimen hennar, der eksmannen framleis bur med si nye kone og born. I eit av nabohusa bur eit tilsynelatande perfekt par, Megan og Scott Hipwell, og Rachel byrjar å fantasera om paret sitt fantastiske liv saman.
Ein morgon, når ho speidar etter paret i huset, ser ho noko sjokkerande skje. Dagen etter vaknar ho i ein forferdeleg bakrus, utan minnar frå kvelden før. Ho har ei frykteleg kjensle av at noko forferdeleg har skjedd. så kjem TV-sendingane rullande over skjermen hennar: Megan Hipwell har forsvunne...
Lengde: 1 t. 51 min.
Aldersgrense: 15 år
Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana.
Unummererte plassar.


