
Evelyn Holm er tilsett i stillinga som kunstformidlar og kurator ved Oseana Kunst- og Kultursenter.
Holm er utdanna kunsthistorikar og har brei erfaring frå arbeid med kunstfeltet. Holm har mellom anna vore rådgjevar ved Seksjon for kunst og kultur i Bergen kommune og utstillingsleiar ved Hordaland Kunstsenter, i tillegg til at ho i 2014 avslutta et treårig engasjement som direktør for den internasjonale triennalen for kunst og forskning, Bergen Assembly.
- Evelyn Holm er ein person med akkurat den erfaringa og kompetansen vi treng for å vidareføre utviklinga av kunstdelen i Oseana. Vi vil også benytte anledninga til å takke Marianne Gathe for det arbeidet ho har gjort dei siste to åra. Vi går ei spanande tid i møte, seier direktør Ole Tobias Lindeberg