Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Lesestafett: En mann ved navn Ove

$
0
0
Teaser: 
Sjå nettside: 
Arrinfo: 
Arrangementdato: 
lør, 04/02/2017 - 10:00

Tysdag 7. februar kjem Riksteatret med sitt teaterstykke basert på den svenske suksessromanen "En mann ved navn Ove" av Fredrik Backmann. Vi ladar opp til teaterframsyninga ved å maratonlese heile romanen!

Vi startar kl. 10:00 og les oss gjennom heile boka. Opplesinga finn stad i Griegsamlingen, der vi riggar oss eit koseleg lesehjørne. Vil du vere med å lese? Send oss ein epost til post@oseana.no og vi set deg opp med eit kapittel. Og kanskje vil du utfordre nokon andre til å vere med? Sjefen, kollegaen, vennegjengen, ein onkel eller ekspeditøren på Meny? Her er alle velkomne, uansett lesehastigheit eller stemmeleie! 

Det er gratis inngang under heile opplesinga, og du er sjølvsagt varmt velkomen til å høyre på. Ta med deg strikketøyet eller fargeboka, spark av deg skoa under stolen og nyt å bli lesen for ein heil laurdag. Du kan sjølvsagt kome og gå som du vil. 

Ver med å bidra på Oseana sin fyrste lesemaraton! 

Pris: 
Gratis inngang
Body2: 
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Griegsamlingen
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571