Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kvirrevirre vitt bom bom

$
0
0
Teaser: 

Os Musikkforening får med seg Os kulturskule og lagar konsert for heile familien!

Arrinfo: 

 

Os Musikkforening har lenge hatt lyst til å lage konsert for born. No har dei i samarbeid med Os Kulturskule endeleg fått det til. To barnekor deltek, Kor 1 er for born som går i 1. – 3. klasse og Kor 2 har born frå 4. – 6. klasse. Kora vert leia av Bergljot Lyssand Bjørø og Turid M. Kirkbride.

Publikum vil mellom anna få presentert det musikalske eventyret «Peter og ulven» av den russiske komponisten Sergej Prokofiev. Det berømte stykket er skriven slik at det også er ei innføring for born i orkestermusikk. Vi blir kjende med den vesle guten Peter som bur saman med bestefaren sin ved ei eng i nærleiken av skogen. Peter får ikkje lov til å gå utanfor gjerdet, der ligg nemleg ulven på lur i buskene. Men saman med venene sine -fuglen, katten og ei morosam, vimsete lita and, blir han likevel litt for nyfiken…

På konserten vil du også få høyra fleire av våre kjende og kjære barnesongar, som «Det satt to katter på et bord», «En elefant kom marsjerende», «Eg veit ei lita jente», «Trollmors vuggesang» og ikkje minst «Tripp trapp trappestein» med melodi av osingen Henrik Lyssand. Bli heller ikkje overraska om det skulle dukke opp ei pepperkakeoppskrift eller to…

Mari Lyssand bind det heile saman, og ho vil også vere den som fortel eventyret.

Så no er det berre til å ta med heile familien på konsert, for dette blir stas!

 

Alle foto: Andris Hamre

Arrangementdato: 
ons, 2013-05-01 16:00
Body2: 
Pris: 
Vaksne kr. 100,- Born kr. 50,- Pensjonist kr. 80,-
Bilde: 
Lengde: 
Regi: 
Fleire bilde: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
Billettar kjøpast i døra!
Arrangør: 
Os Kulturskule / Os Musikkforening
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kvirrevirre vitt bom bom
Karuselltittel: 
Ein barnekonsert med heile familien!

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571