Thriller
I 1962 mista 21 gruvearbeidarar livet i ein eksplosjon i Kings Bay-gruva på Svalbard. Kva som utløyste eksplosjonen er til dags dato eit mysterium.
Kva om ulykka i Kings Bay-gruva ikkje var ei ulykke? Ei regjering måtte gå av, men visste dei noko som ingen har fortalt?
Ein journalist i avisa Nordlys, Harrieth Hansen, kjem på sporet av kva som eigentleg skjedde i Kings Bay-ulykka. Eit spoleband med advarsel om ulykka, eitt år før ho faktisk skjedde, fører Harrieth og hennar kollega Oskar Stokstad inn på sporet av at Sovjetunionen sprengte gruva for å visa kven som eigentleg bestemmer over nordområda.
Jo nærare dei kjem sanninga, jo tydelegare blir det at sterke krefter er i sving - og dei er villige til å gå langt for å at ikkje saken skal bli publisert.
Aldersgrense: 9 år
Lengde: 1 t. 34 min.
Billetter kjøper du i resepsjonen på Oseana.
Unummererte plassar.


