Familiefilm
Karsten og Petra gler seg til dei skal på tur i fjellet med familiane sine. Forventningane blir endå større når sjølvaste eventyraren Cecilie Skog kjem til Duestien barnehage for å lære borna om fjellvettreglane. Osingen André Marton Pedersen har rolla som turentusiast, som òg besøker barnehagen for å fortelja om friluftsliv.
I fjellet får Karsten sin pappa ei fin overrasking når det visar seg at turguiden han bestilte, er ingen ringare enn hans gamle barndomsven Aksel! Karsten synest at Aksel er superkul og Petra blir begeistra for huskyhundane hans.
På turen får dei mange spennande naturopplevinga. Dei køyrer hundeslede og Zip-line, padlar i kano, plukkar bær - og ikkje minst - går tur langs fjellstiar i storslått natur. På kvelden swamlast dei rundt leirbålet og fortel eventyr før dei legg seg til å sova på reinsdyrskinn inni dei koselege lavvuane.
Når søstera til Karsten fortel ivrig om den romantiske boka ho les, og foreldra deira oppfører seg som nyforelska turtelduer, får Karsten ein kjempegod idé! Petra har jo ingen pappa. Hadde det ikkje vore flott om Petra si mamma, Maria, fekk oppleva kjærleiken igjen? Aksel har lyst på ein kjærast! Karsten meiner at Maria og Aksel er perfekte for kvarandre, og overtalar Petra til å hjelpa han med å spleisa dei.
Alt går ikkje etter planen, men Karste og Petra tar med seg viktige lærdommar om familie, forelsking og fjellvettreglar.
Lengde: 1 t. 23 min.
Tillatt for alle.
Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana
Unummererte plassar


