Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Gjengangere - av Henrik Ibsen

$
0
0
Teaser: 

Er det mogleg å legge fortida bak seg?

Vi har alle mykje vi gjerne skulle gjort annleis enn vi gjorde. Ein moglegheit vi ikkje tok. Ei urett vi gjorde. Eit valg vi ikkje våga. Om det berre kunne gjerast om! Men det er for seint. Skada er skjedd. Vi veit det.

Vi prøver å gløyme det. Men var det alvorleg nok, vil det før eller seinare heimsøke oss. På same måte er det med familien vi kjem frå. Den bestemmer kven vi blir. Uansett kor mykje vi forsøker å fri oss frå kva generasjonar før oss har gjort. Det er dette det handlar om i Gjengangere – Ibsen sitt kanskje allar skarpaste og samstundes mest gripande skodespel.

Fru Alving har sendt Osvald bort som barn. Ho ville ikkje at sonen skulle vakse opp i same hus som sin utsvevande far. Når Osvald kjem heim etter faren sin død, blir det likevel ikkje det frydefulle gjensynet fru Alving har sett fram til. Sonen er uhelbredeleg sjuk, og han klandrar seg sjølv og det glade kunstnarlivet han har levd i Paris. Men fru Alving  - som aldri har fortalt nokon sanninga om mannen hennar – innser desperat at årsaka er ein annan. Det er fortida som innhentar henne – med skamma over alt ho har holdt skjult og sviket mot kjærleiken til mannen ho eigentleg elska, pastor Manders.

Fru Alving er den mest samansatte og engasjerande av alle Ibsen sine kvinneskikkelsar. Ho er også i nær slekt med Nora i Et Dukkehjem, som blei skreve to år tidlegare. Men der Nora bryt opp og forlater både mann og barn, gjør fru Alving det motsette; ho blir. Gradvis vert ho låst stadig fastare til det livet ho har levd, og prisen for det blir høg.  

 

På scenen 
Per Egil Aske, Gunnar Eiriksson, Madalena Sousa Helly-Hansen, Gjertrud Louise Jynge og Lasse Lindtner . 

Team 
Regissør: Bentein Baardson. Scenograf: Bård Lie Thorbjørnsen. Kostymedesigner: Ingrid Nylander. Lysdesigner: Eivind Myren. Lyddesigner: Nils Wingerei. Produsent: Anita Basmo Bjørnstad 

 

Forestillingslengde: 2 timar 20 minutter (inkludert pause). 

 

Premiere Oslo/Nydalen 31. august 2017

Produsert av Riksteatret

 

MIDDAG FØR FORESTILLINGEN? Ta kontakt med restauranten for tinging av bord på 53 69 51 40.

Arrangementdato: 
tir, 28/11/2017 - 19:00
Pris: 
Ord. 410.-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/gjengangere-tickets/539861?language=en-us
Arrangør: 
Riksteateret
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Teater
Servering: 
Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571