Ei stor røyst i følgje med briljant klaver
Eirik Johan Grøtvedt (baryton) og Eirik Haug Strømmer (piano)
Program:
Grieg, Brahms, Liszt, Debussy, Williams, Schumann
Eirik Johan Grøtvedt, fødd i Sarpsborg i 1993, begynte å syngja hjå Olav Ruud i 2009. Frå 2011 til 2012 var han elev av Mona Julsrud ved det nasjonale talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole. Han begynte på bachelorutdanning ved Barratt Due musikkinstitutt i 2013, med professor Torgun Birkeland som lærar, og fullførte studiet våren 2017.
Grøtvedt har deltatt i kurs og meisterklassar med blant andre Helene Ziebarth, Johannes Weisser og Susanna Eken. Han har vore solist med Østfold symfoniorkester, Det norske blåseensemble og Barratt Dues kammerorkester. Under Oslo operafestival 2016 song han rollen som Carl Berner, i verdspremieren på operaen «Karlstad 1905» av Kjell Habbestad. I februar 2017 song han rollen som Don Ottavio ved Operahøgskolens oppsetjing av «Don Giovanni» på Den norske opera.
I 2017 vart han tatt inn på det prestisjefylte diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole, der han vil ta til i haust.
Eirik Haug Stømner, fødd i Halden i 1993, begynte å spela piano då han var ni år gammal, hjå dei lokale pianolærarane Elisabeth Giske og Per Anders Hegre. Frå 2009 til 2012 var han elev ved talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole, der han også fullførte bachelorutdanninga i 2016. Han er nå diplomstudent ved høgskolen, som elev av Einar Henning Smebye og Marianna Shirinyan.
Eirik vann førstepris i Ungdommens musikkmeisterskap i 2011, og har også vunne Einar Steen-Nøklebergs talentpris, Halden Arbeiderblads sang- og musikkpris, og Liszt-prisen under Busoni Piano Festival 2016 i Bolzano, Italia. Han har deltatt på meisterklassar med alle de leiande norske pianistane, blant andre Håvard Gimse, Einar Steen-Nøkleberg, Jiří Hlinka, Jens Harald Bratlie og Håkon Austbø.
Stømner har vore solist med Ukrainas nasjonale symfoniorkester, Det norske blåseensemble, Oslo symfoniorkester og Østfold symfoniorkester, og han har gitt konsertar i Sverige, Nederland, Ukraina, Kroatia, England og Italia. Han har medverka ved ei rekkje nasjonale musikkfestivalar, blant anna Mozartfestivalen i Østfold, Kammermusikkfestivalen i Stavanger og Nordlysfestivalen i Tromsø, i tillegg til Hvar International Music Festival (Kroatia) og Oxford Lieder Festival.
Han er også ein erfaren kammermusikar og Lied-akkompagnatør, og har samarbeidd med fleire av Noregs leiande utøvarar, som songarane Trond Halstein Moe og Ann-Helen Moen, fiolinisten Atle Sponberg og dirigentane Bjarte Engeset, Arvid Engegård og Alf Årdal.


