I wish I was a Landscape Painter
Utstillngsopning, kunstnarsamtale og gratis buss frå Bergen!
Laurdag 2. september åpnar haustsesongen med ny utstillng i Hvelvet.
Kl. 14:00 - Utstillingsopning
Kl. 15:00 - Kunstnarsamtale i Vargasalen mellom Sif Ankergård og kurator Evelyn Holm
Det vil bli satt opp gratis buss frå Bergen sentrum. For bestilling av plass, skriv mail til sif@nkergaard.dk
Ved ei samanstilling av maleri, skulptur og eit videoarbeid, inviterer Sif Ankergård betraktaren inn i noko som kan opplevast som ei scene frå eit fantasilandskap. Eit landskap der impulsar frå romantikken sitt landskapsmaleri blir blanda med konseptuelle grep og ei lekande, men samstundes mild tilnærming til både motiv og teknikk, slik vi kjenner dei frå både 1800-talet og nyare kunsthistorie. Inspirasjonen til arbeida ligg i landskapa som omgjer henne dagleg, dei ho møter på reiser, i fantasier, draumar og minne, men også i postkortas idylliske klisjear og den enkle skjønnheita vi kan finne i landskap frå gode skrekkfilmar.
Å male eit landskap er for Sif Ankergård ein erfarings- og læringsprosess. Ho malar det ho ser, samstundes med at ho tillet at fragment frå drøymde og tidlegare sette landskap blandar seg med biletet ho malar her og no. Som ung samtidskunstnar er ho bevisst landskapsmaleriet sin historisitet; altså den ideologiske preginga bileta har frå tida og samfunnet dei oppsto i, og som nødvendigvis vil være ei anna i dag. Tilnærminga hennar er ein slags "learning by doing", ei utvikling av forståing gjennom direkte erfaring av landskapet og oppøvelsen av teknikkar for å gjengje det. Slik vil arbeida ho viser i utstillingen variere frå briljante skystudier til naivistiske, nærast barnlege framstillinger av ulike motiv.
Sif Ankergård har master i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen i 2015 og bachelor fra Gerrit Rietveld Akademi i Amsterdam i 2013. Ho har stilt ut omfattande både i Noreg og internasjonalt, blant anna ved Hordaland Kunstsenter og Kunsthall 3,14 i Bergen, ved Kunsthal Aarhus i Danmark, Gelleria Greft i Umbertide, Italia, Beltiz Hailstade i Tyskland og Oude Kerk i Amsterdam. Sif Ankergaard er født i Danmark, og bur og arbeider i Bergen
Utstillinga står til 1. oktober


