Ein ønskekonsert med Larsen, Endresen og Moholt
Kva for gladlåt vil DU høyra i Oseana i vår?
Rune Larsen, Tor Endresen og Katrine Moholt på Noregsturné!
Til konserten Jukebox har Rune og Tor har med seg eit einestående band, og sjølvaste Katrine Moholt som eminent gjest! Dei inviterer publikum til å være med på å velge ut delar av setlista, og har plukka ut sine favorittlåtar frå dei glade 50-, 60-, og 70-åra. Det eineste som gjenstår no er at publikum stemmer på sine favorittar
I snart 30 år har Rune Larsen og Tor Endresen vore nærast definisjonen på musikkglede, allsong og gode pop-låtar frå dei siste seks tiår. Dei starta opp i 1989 med Lollipop, ei av tidenes største TV-suksessar. Hundretusener satt klistra foran skjermane kvar helg og song med når Larsen og Endresen drog den eine pop-perla etter den andre opp frå skattekista. Topp band, populære gjesteartistar, brylkrem, strålande framføringar av kjende og kjære låtar - og ikkje minst – Larsen sine paljettstrødde dressjakkar, var oppskrifta på suksess på både TV og etterkvart plater og turnear. Etter Lollipop følgde nye TV-program som Scala og Casablanca, begge med suksessduoen Larsen og Endresen i forsetet. Rune Larsen fortsatte også etter dette med populære musikkprogram som Larsen Spesial, Noteknekk og Absolutt Norsk
Sidan starten har Rune og Tor heile tida fortsatt sitt musikalske samarbeid, både på scenea og TV, og dei siste åra har dei årleg fylt konsertsalar rundt omkring i landet med sine show. 2018 blir ikkje mindre begivenhetsrikt, tvert imot. Året startar med at vi får møte Tor Endresen i storform på TV2 sitt Hver Gang Vi Møtes. Deretter tar han med seg Larsen på ein rimeleg lang konsertrunde som besøker fleire stadar i landet.
Og ikkje nok med det! Med seg denne gong har dei fått med seg sjølvaste Katrine Moholt. Skal vi driste oss å kalla henne heile Noregs store allsangdronning? I over 10 år har Katrine leia allsangen på Fredriksten Festning i Halden - eit av TV2 sine aller mest populære sommerprogram - der vi har fått høyre stjerner frå inn- og utland framføre sine aller mest kjende og kjære hits. Endeleg kjem høvet til å møte Katrine på ei scene nær deg!
Velkomen på konsert!
KVA MED MIDDAG I SAMBAND MED KONSERTEN?
Ring Oseana Kafé og Restaurant for menyar, prisar og bordbestilling på tlf. 53 69 51 40.


