Ørjan Burøe endeleg med soloshow!
STAND UP NORGE PRESENTERER
Dette er Ørjan Burøe si aller første soloforestilling. I over 18 år har han reist rundt som komiker, men det er først no han står åleine, og Ørjan står stolpestøtt!
Denne forestillinga røskar deg i sjela og Ørjan beveger seg hårfint på knivseggen heile vegen. Det er nærare 50% skilsmisser i året i dette landet, og Ørjan meiner det er på tide at ein tek seg sjølv, forhaldet og borna på alvor. Forestillinga tek tak i tabubelagte tema som sjalusi, sorg, fordommar, men også dei trivielle kvardagslege tinga vi kanskje ikkje snakkar så mykje om. Ørjan er ein komikar med svært mykje på hjarta, og det tok ikkje lang tid før bloggen hans var blant Noregs mest leste. Med lang fartstid på radio, TV og ikkje minst scene er dette ei morosam og sterk forestilling med tette punchlines, som gjer at du ler og ler og ler og kanskje til og med gråter ein liten skvett.
Terning 5! "En morsom østlending" - Bergensmagasinet
"Ler så jeg nesten griner" - Studvest


