Trollmannen fra Os
Sidan 2001 har Hans Bjørn og Tatiana hjulpe mange tusen menneske i Moldova, og gjeve dei eit betre liv ved å tilby synsundersøkelsar, briller og andre hjelpemedel for å sjå betre. I eit politisk uroleg Moldova står no imidlertid klinikken i fare. Arbeidet for å hjelpa dei meste utsatte i samfunnet fortoner seg som ein endelaus kamp mot byråkrati, korrupsjon og fattigdom. Det trengs rett og slett eit vaskeekte mirakel for å redda klinikken.
Den inspirerande dokumentarfilmen MIRAKELET I MOLDOVA, skildrar Hans Bjørn og Tatianas reiser rundt om i Europas fattigaste land, med sjølvpålagt mandat om å gje innbyggarane i landet synet tilbake. På mange av barneskulane dei besøker oppdagar dei fleire elevar med synsproblem enn utan. Som den eineste optikaren i landet, kjempar Hans Bjørn ein tung og einsam kamp for å etablera klinikken for synshemma. For kven kan ein eigentlig stole på når dei ein tidligare samarbeida med plutseleg havnar i fengsel etter anklager om korrupsjon?


