Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Os Senioruniversitet 8/1-18

$
0
0
Teaser: 

ENDRA TEMA

Bilde: 

Opphavleg stod foredrag om Per Sivle på programmet i Os Senioruniversitet den 8. januar. Dette foredraget er utsett på grunn av sjukdom.

 

Førsteamanuensis Terje Knutsen: Oktoberrevolusjonen i Russland i 1917

Til det første møtet i Os Senioruniversitet i det nye året er Oktoberrevolusjonen iRussland i 1917 tema. Dette opprøret skulle få vidtrekkjande følgjer. Det vart starten på ein prosess som enda med danninga av den mektige Sovjetunionen. Oktoberrevolusjonen fekk såleis ikkje berre dramatiske følgjer for utvikliga i Russland, men for heile verdssituasjonen fram til våre dagar.

Russland var i mange hundre år styrt av eit tsar-dynasti der tsarfamilien og adelen sto saman og støtta kvarandre. Bønder og arbeidarar vart haldne nede.

 

Mot slutten av 1800-talet og i åra like over hundreårsskiftet kom det til fleire meir og mindre alvorlige opptøyar. Misnøya mot tsar-veldet var aukande. Under Februarrevolusjonen i 1917 vart den siste tsaren – Nikolaj II – fjerna. Han og heile familien hans vart seinare drepne. Men Februarrevolusjonen førte ikkje til dei store omveltingane.

 

Den revolusjonære tenkjaren Vladimir Lenin hadde i mange år halde til i utlandet. Seinhaustes 1917 kom han i løynde tilbake til Petrograd (St. Petersburg). Den 7. november 1917 slår Lenin og bolsjevikane til. Dei kastar den provisoriske regjeringa og Lenin vart like etter utropt til regjeringssjef. Oktoberevolusjonen var eit faktum. Revolusjonen den 7. november har fått namnet Oktoberrevolusjonen av di det skjedde i oktober i følgje den russiske kalenderen.

 

Det er førsteamanuensis Terje Knutsen ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen som skal fortelja om dei dramatiske hendingane i Petrograd for hundre år sidan. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Girasoles para colorear


Presence Quotes – Positive Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Love with Heart Breaking Quotes


Re:Mutton Pies (lleechef)


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


EASY COME, EASY GO


KASAMBAHAY BILL IN THE HOUSE


UPDATE SC IDOL: TWO BECOME ONE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Smile Quotes


Top 7 Lies of Boys


INUMAN QUOTES


RE: Mutton Pies (frankie241)


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


HOY PANGIT, MAGBAYAD KA!