Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland
Utstillingsopning laurdag 27/1 kl. 14:00
Galleri Hvelvet
Velkomen til ei annleis utstilling i Hvelvet.
Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland er kjent og elska for sine musikalske forestillingar. Dette er ein dimensjon dei tek med seg når dei flyttar inn i Hvelvet for å lage ein levande installasjon i løpet av drøye to veker. Undervegs i denne perioden blir det små hendelsar, konsertar, performances og lyd- og filmopptak. Ikkje minst blir det samtalar med publikum. Kunstnarane vil være til stades kvar dag mellom kl. 14-16, og det er åpent for publikum undervegs til å ta del i samtalane rundt det som skjer. Når kunstnarane er til stades, vil hendelsar og samtalar bli spontant tilpassa det publikum som dukker opp, anten desse er born, ungdom eller vaksne.
Prosjektet vil utvikle seg og rommet bli fyllt opp i løpet av utstillingsperioden. Bit for bit skal to parallelle univers byggast opp basert på dei to kunstnarane sine ulike erfaringsverdenar. Dei to presenterer seg som HUN og HAN, og kvar for seg søker dei etter bekreftingar og sine eigne utopiar.
Supra betyr «Over». I Supra møtast to vidt forskjellige univers. Heidi søker etter noko jordfast. Hun er i konstant bevegelse. Glenn er del av eit unreality-show som stadig går i oppløysning i informasjonsstraumane.
Verken Heidi eller Glenn veit kva som vil skje i løpet av dei to vekene der desse universa blir tvunge til å virke i same rom. Publikum er velkomne til å møte de to for ei samtale under heile perioden. Publikum bør dessutan følge ekstra godt med på åpningsdagen og kome igjen siste utstillingsdag. Då vil Heidi og Glenn gjengje si eiga sanning om kva som skjedde på åpningsdagen.
Glenn Erik Haugland er komponist og musikkdramatikar, trådte sine bornesko i New York, men flytta til Os då han var elleve år gamal. Heidi Tronsmo er musikar, dramatikar og komponist. Saman med Ståle Tråsdahl har dei dreve musikkteatergruppa OPERA OMNIA sidan 1990, og har skapt utallige musikalske forestillingar for både vaksne, born og ungdom.
Meir info følger. Utstillinga varer til søndag 11. februar kl. 18.
MERK: Kunstnarane er til stades i Hvelvet kvar dag mellom kl. 14-16.


