Teaser:
Velkomen til kurs i heimebrygging av øl!
Vi gjentek fjorårets suksess og arrangerer nytt kurs i ølbrygging!
Kurset finn stad på Oseana 16. april 2016 kl. 10.30 - 15.30, og kurshaldar er Birger Storaas frå Vestbrygg.
Dette er eit nybegynnarkurs, men kan høve like godt for deg som har brygga litt frå før, vi legg nivået etter deltakarane sin erfaring. Det er ingen krav til forkunnskapar, du treng kun å ha lyst til å finne ut meir om prosessen rundt ølbrygging. Målet med kurset er at ein sjølv skal kunne prøve å brygge på eiga hand, og få ei god forståing av prosessen.
På kurset vil du få ein introduksjon til ingrediensar og øltypar, samt prosessen rundt brygging. De vil brygge eit øl saman, slik at ein kan sjå, smake og lukte seg gjennom prosessen. Kurset er eit kurs i "all-grain", altså brygging med korn. Teknikken ein nyttar på kurset er BIAB (Brew in a Bag) men ein vil òg gå gjennom andre bryggemetodar. Kurset vil òg ta føre seg diverse øltypar, råvarer, reingjering og alt anna som er viktig for å kunne lage godt øl heime.
Dette lærer du:
* Bryggeprosess: frå malting, til mesking, koking og nedkjøling
* Gjæringsforløp, temperatur og gjærtypar
* Ferdigstilling av ølet, flasking, karbonering og lagring
* Reinhold av utstyr, både sanitering og desinfisering
* Råvarer som malt, humle og gjær
NB! Det er avgrensa antal plassar på kurset, 25 tilgjengelege, her er det fyrstemann til mølla!
Påmelding skjer kun via e-post til post@oseana.no, merk e-posten med Bryggekurs. Påmeldinga må innehalde både namn, fakturaadresse og telefonnummer.
Kursavgift er kr. 950,- Betaling skjer via faktura i førekant av kurset.
Arrangementdato:
lør, 16/04/2016 - 10:30Pris:
Kr. 950,-
Bilde:
![]()
Sal:
VargasalenArrangement:
ForedragSlideshow:
![]()
TV: