Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live

Kino: Kongens nei

$
0
0
Teaser: 

Drama / Krigsfilm

Arrangementdato: 
søn, 09/10/2016 - 19:00

Kongens nei handlar om dei tre dramatiske døgera i april 1940, då den norske kongen får eit ufatteleg ultimatum av den tyske krigsmakta: kapitulasjon eller døden.

Med tyske fly og soldatar i hælane tvingast kongefamilien på flukt.  Dei bestemmer seg for å skilja lag utan å veta om dei nokon sinne vil sjå kvarandre igjen.  Kronprinsesse Märtha reiser med borna til Sverige, medan kong Haakon og kronprins Olav blir igjen i Noreg for å fortsetja kampen.  Etter tre døger på desperat flukt, fattar kong Haakon si endelege avgjerd. Han nektar å kapitulera - sjølv om det kan kosta både han sjølv, familien hans og mange uskyldige nordmenn livet.

Kong Haakon og kronprins Olav spelast av Jesper Christensen og Anders Baasmo Christiansen.

Regissør: Erik Poppe

Aldersgrense: 9 år

Lengde: 2 t. 13 min.

Billettar kjøpast i Oseana sin resepsjon frå 25. september.

Unummererte plassar.

Pris: 
Kr. 100,-
Bilde: 
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 
Servering: 
Kiosk i foajéen
Slideshow: 
TV: 

Anna Neset - releasekonsert

$
0
0

Foto: Anders Skaldebø

Anna Neset er ein songer og låtskrivar fra Os. 1 oktober kjem debutplata hennar, som har fått namnet «Under the same sun», og releasekonserten skjer på Oseana! 

Anna sin musikk er kjensleladd, og hentar element frå ulike sjangrar som soul, blues, jazz og pop. Tekstane omhandlar tema som likeverd, rettferd, fridom og kjærleik. Plata er spelt inn live i Havnelageret Studio, og på konserten har ho med seg same band som har bidrege på plata, samt nokre koristar. 

Bandet består av:

Egil Heilund – piano
Stig Are Sund – gitar
Åsgaut Malm Geithus – bass
Anders Skaldebø – trommer
Tonje Hernes – kor
Kristine Bjånesøy Tikkanen - kor

Konserten finn stad i foajeen, og billettane er i sal! 

Sjekk ut Anna si Facebookside her, og har du Spotify kan du lytte til albumet her

Arrangementdato: 
lør, 01/10/2016 - 20:00
Pris: 
Kr. 150,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/anna-neset-releasekonsert-billetter/507707
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Foajé
Slideshow: 
TV: 

Ope kvar dag fram til jul!

$
0
0
Teaser: 

Oseana held fram med å halde ope kvar dag heile veka! 

Bilde: 

Oseana kunst- og kultursenter har hatt svært gode besøkstal dei fyrste to kvartala i 2016 og satsar difor vidare med å halde ope kvar dag, fram til jul. 

  - Vi ynskjer å gje osingane eit endå betre servicetilbod, grunngjev direktør Ole Tobias Lindeberg den nye satsinga med.  

Heilt sidan Oseana opna i 2011 har både kafeen og resepsjonen hatt vinterlukking frå 1. september, noko som har betydd at heile huset har vore stengt måndagar og tysdagar. Både i resepsjonen og i kafeen merkar dei no at fleire og fleire osingar er innom huset på dagtid i vekene, både i lunsjpausen og etter arbeid. 

  - Vi har hatt ei sterk auke i bruk av lunsjtilbodet vårt siste halvår, seier Mjelstad, og Lindeberg kan bekrefte at den same trenden gjer seg gjeldande i resepsjonen. 

  - Mange stikk innom oss i lunsjen for å kjøpe billettar, eller på vegen heim frå arbeid. Dette syner at det er eit tilbod som osingane nyttar seg av. Heile huset held difor fram med å vere ope sju dagar i veka, i fyrste omgang fram til jul, seier Lindeberg. 

Å kunne tilby eit mattilbod i samband med kulturarrangementa på huset er eit viktig tilbod for Oseana kafé og restaurant. Med vidareføringa av vekesope hus meiner Mjelstad at endå fleire kan få sjansen til å nytte seg av dette tilbodet. 

  - Mange vel å bruke oss før eller etter dei har vore på eit arrangement, og kombinerer dermed kulturopplevinga si med ei matoppleving. Her har vi merka større og større pågang, og på fleire av konsertane utover hausten har vi allereie no nesten fullbooka restaurant, fortel Mjelstad. 

Lindeberg er einig: 
  - Å ha heile huset ope kvar dag gjev oss ein endå større fleksibilitet til å kunne tilby dette, spesielt no når vi går inn i høgsesongen med kulturarrangement og julebord, avsluttar Lindeberg.  

Opningstider i resepsjon/ billettluke og kunstutstillingar:
Måndag - fredag: 11.00 - 16.30
Laurdag - søndag: 12.00 - 18.00

Opningstider Oseana kafé og restaurant:
Måndag - laurdag: 12.00 - 19.00
Søndag: 13.00 - 17.00 

Internasjonal fest

$
0
0
Arrangementdato: 
lør, 17/09/2016 - 14:00

Lørdag 17. september inviterer vi til internasjonal fest i foajeen på Oseana!

Dette er eit samarbeid mellom fleire organisasjonar og lag, og alle innbyggjarane i Os er hjarteleg velkomne til å oppleve smakebitar av ulike kulturar, mat og musikk!

Arrangementet er gratis, drikke utenom kaffi kan kjøpast.

Velkommen innom mellom kl 14.00 og 17.00!

Lik gjerne vårt Facebook - arrangement! 

Pris: 
Gratis
Bilde: 
Arrangement: 
Festival
Sal: 
Foajé
Servering: 
Gratis smaksprøvar av mat frå mange ulike land. Oseana kafé og restaurant har internasjonal meny denne dagen!
Slideshow: 
TV: 

Gudbedre!

$
0
0
Teaser: 
Sjå nettside: 
Arrinfo: 
Arrangementdato: 
tor, 02/03/2017 - 19:00

Vi veit meir om vilt framande enn det vi strengt tatt treng. Sjølv politikarane våre er på snapchat! Som om eit privat bilde av helseminister Bent Høie med ein skinkebaguette i handa er det som skal til for å få kidsa til å beinflgey til valglokala.

Deltakarane i ”Skal vi danse” byr generøst på kvar einaste private tragedie dei kan kome på i håp om å klamre seg til parketten i en veke til, og nesten ingen rosa-bloggarar tør å meine noko som helst av frykt for å støte fra seg sponsoren sin. I staden poserar dei på raud løpar i kle dei har fått gratis, og når dei opnar kjeften kjem det kun ut ein straum av produktnavn. I en verd av blottarar har den påkledde blitt den rare.

Gudbedre!

Det gjerast på førehand merksam på at framsyninga inneheld ”sjikane”, ”mobbing”, ”hetsing” og ”uthengning”. Eller ”satire” som det heitte i gamle dagar.

Velkomne.

Av og med: Anne-Kat. Hærland
Regi: Bård Tufte Johansen

Pris: 
Kr. 495,-
Body2: 
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/505179
Billettinfo: 
Arrangør: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Humor
Slideshow: 

ProScen: Kultur.Kommune.Kreativ.

$
0
0
Arrangementdato: 
tor, 15/09/2016 - 13:00

Proscen - Produsentenhet for scenekunst inviterer profesjonelle scenekunst aktører i distriktet rundt Os, Fusa, Samnanger, Tysnes, Stord, Austevoll, Sveio, Bømlo og Fitjar til et seminar hvor vi setter scenekunsten i høystetet og verdien av næringen i distriktet. Programmet vil ha som fokus på det kulturelle potensialet i regionene med kunstneriske innslag, suksessprosjekter, kulturhus og utradisjonelle areaner, kulturloven, sponsormuligheter og debatt rundt temaet " Er scenekunsten en bærekraftig næring i distriktene?"

PROGRAM FOR DAGEN:

13.00    Kunstnarisk innslag: Magdalena von Delis
13.05    Proscen ønsker velkomen!
13.10    Os kommune ønsker velkomen. Rådmann, Os kommune Christian Fotland: “Kulturpolitiske ønske for distriktet”
13.20    Korleis kan kunst bli ein suksess i periferien? HanneThunestvedt, produsent. ”Silje Linge Haaland og Five Thousand Generations of birds” blei eit suksessprosjekt for både kunstnarar og lokalsamfunn på Fitjar i 2012. 
13.50    Utradisjonelle arenaer, museum og samarbeidsmuligheter. Vigleik Mathisen, leiar i Hordaland Museumslag. ”Museum som kunstnariske prosjekt”. Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar Sunnhordland folkemuseum
14.05    Kunstnarisk innslag: Johanne Øvstebø Tvedten
 
14.10    Pause og prat
 
14.50    Kva er kulturlova?
15.00   Perifere sponsormoglegheiter og verdiar? Er det lettare å få sponsorar i distrikta? Mona Helen Vikøyr, Sparebanken Vest
15.10   Kunstnarisk innslag: Opera Omnia 
 
15.20   Pause
 
15.30   Debatt: Kan kulturnæringa overleve i distriktet? Korleis kan det frie kunstfeltet styrkast? Er det mogleg å etablere seg som kunstnar utanfor storbyen? Kan kunstnarar auke arbeidsmoglegheitene i distriktet med nye kulturprosjekt og gode arenaer? Moderator: Frøydis Flotve, frilansar Teaterfrø
Panelet: 
- Glenn Erik Haugland, Komponist Studio O 
- Kristin Øygarden, dagleg leiar i Kultur Vest
- Grete Byrkjeland, rådgivar kulturseksjonen, Os kommune 
- Magdalena von Delis, Spinae Company, Stord
- Ingebjørg Astrup, tidlegare kunstkoordinator i fylket, fylkeskultursjef og kultursjef i Os. 
16.25   Avrunding 
16.30    Slutt

FOR PÅMELDING: gå til denne sida.  

___________________________________________________

Proscen - Produsentenhet for scenekunst (www.proscen.no)
Er en uavhengig interesse, kompetanse- og samarbeidsorganisasjon for produksjon og formidling av scenekunst med utgangspunkt i Vestlandet. Formålet er å bedre betingelsene for fri scenekunst gjennom rådgivning, veiledning og ytelse av produsenttjenester. Har base på Cornerteateret i Bergen og støttet av Bergen kommune, Hordaland fylke og andre prosjektstøtteordninger.

Bilde: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Foredrag

BIFF: Til månen med bestefar

$
0
0
Teaser: 

Bergen Internasjonale Filmfestival inviterer til filmvisningar på Oseana! 

Fredag 23. september kjem BIFF til Os! På dagtid viser vi dagsaktuelle dokumentarar for skuleelevar, medan vi på ettermiddag- og kveldstid viser utvalde filmar frå årets program for ordinært publikum. Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana. 

Program for dagen er: 

14:30 - Til månen med bestefar

18:00 - Weiner

20:00 - Den allvarsama leken

Til månen med bestefar

Er det minna som utgjer eit liv?

For David Alræk har den oppfinnsame, livsglade og eventyrlystne bestefaren Kaare alltid vore ein inspirasjon. Når Kaare flyttar inn på sjukeheim med ei demensdiagnose er David redd for at livet hans snart er over, men Kaare drøymer stadig om nye eventyr.

Gjennom store delar av livet hadde Kaare med seg filmkameraet, og gjennom eigne opptak får vi eit innblikk i Kåre sitt liv og minne. David, som fekk sitt fyrste filmkamera av bestefaren då han var 14 år gamal, har følgd i fotspora hans.

Ved hjelp av ei kreativ blanding av nye og gamle opptak fortel Alræk ei historie som strekjker seg over seksti år og tre generasjonar. Sjølv om Kaare sine eigne minne gradvis forsvinn frå han, kan ingen ta frå han humøret og eventyrlysta – eller opptaka. TIL MÅNEN MED BESTEFAR er ein sjarmerande og reflektert dokumentarfilm som utforskar korleis vala vi tek gjer oss til den vi er, og korleis noko heilt nytt kan oppstå når noko vi tek for gitt forsvinn.

Varer i 45 min. 

Noreg / 2016 
MEDVERKaNDE: Kaare Jacobsen, David Alræk
REGI: David Alræk
MANUS: David Alræk
FOTO: David Alræk, Kieran Kolle
PRODUSENT: Elisabeth Kleppe

Arrangementdato: 
fre, 23/09/2016 - 14:30
Pris: 
Kr. 50,-
Bilde: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Slideshow: 
TV: 

BIFF: Weiner

$
0
0
Teaser: 

Bergen Internasjonale Filmfestival inviterer til filmvisningar på Oseana! 

Fredag 23. september kjem BIFF til Os! På dagtid viser vi dagsaktuelle dokumentarar for skuleelevar, medan vi på ettermiddag- og kveldstid viser utvalde filmar frå årets program for ordinært publikum. Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana. 

Program for dagen er: 

14:30 - Til månen med bestefar

18:00 - Weiner

20:00 - Den allvarsama leken

Weiner

Is that a WEINER in your pocket?

Alt såg ut til å gå på skinner for Anthony Weiner: Han vart sett på som ei stigande stjerne i amerikansk politikk, utmerka seg som demokratisk kongressmedlem, og hans tilsvarande briljante politikarkone Huma Abedin venta deira fyrste barn. Då ei rekkje pinlege bevis på at han hadde brukt fritida si på sokalla «sexting» såg dagens lys, var skandala imidlertid eit faktum, og Weiner si politiske karriere rakna fullstendig.

To år etter han trakk seg tilbake frå offentligheita bestemmer den ukuelege optimisten seg like fullt for å stille til val som ordførar i New York, og i denne dokumentaren får vi følgje den strabasiøse ferda hans mot ein ny sjanse i politikken.

Da regissørane Elyse Steinberg og Josh Kriegman bestemte seg for å lage ein film om den omstridte politikaren kan dei neppe ha ant kva for ein gylden moglegheit dei hadde ramla over. Weiner si skandaløse framferd var på ingen måte noko avslutta kapittel, og i denne underhaldande og forbløffande dokumentaren følger vi ein valgkamp som går både «Veep» og Donald Trump ein høy gang.

Filmen varer i 1t 33min, 

USA / 2016
SPRÅK: engelsk
UNDERTEKSTER: norsk
MEDVIRKENDE: Anthony Weiner, Huma Abedin, Barbara Morgan, Amit Bagga, Sydney Leathers
REGI: Elyse Steinberg, Josh Kriegman
MANUS: Eli Despres, Elyse Steinberg, Josh Kriegman
FOTO: Josh Kriegman
PRODUSENT: Elyse Steinberg, Josh Kriegman, Elizabeth Delaune Warren, Sean McGing

Arrangementdato: 
fre, 23/09/2016 - 18:00
Pris: 
Kr. 65,-
Bilde: 
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 
Slideshow: 
TV: 

BIFF: Den alvarsamma leken

$
0
0
Arrangementdato: 
fre, 23/09/2016 - 20:00

Fredag 23. september kjem BIFF til Os! På dagtid viser vi dagsaktuelle dokumentarar for skuleelevar, medan vi på ettermiddag- og kveldstid viser utvalde filmar frå årets program for ordinært publikum. Billettar kjøper du i resepsjonen på Oseana. 

Program for dagen er: 

14:30 - Til månen med bestefar

18:00 - Weiner

20:00 - Den allvarsamma leken

Den alvarsamma leken

Ei ny filmatisering av den store svenske nasjonalromanen!

Ikkje lenge etter at den unge journalistspiren Arvid Stjärnblom kjem til Stockholm for å arbeide i ei avis møter han Lydia Stille, som er dotter av ein kjent landskapsmålar. De to forelskar seg umiddelbart, men på starten av 1900- talet ligg ikkje forholda til rette for at to ubemidla unge menneske skal kunne gifte seg for kjærleikens skuld. Såra og forbitra inngår dei kvart sitt fornuftsekteskap og ser ikkje meir til kvarandre, før dei ti år etter møtast igjen ved ein tilfeldigheit. Tida har imidlertid ikkje lagt nokon dempar på lidenskapen deira, og dei to innleiar eit hemmeleg forhold.

Den alvarsamma leken er basert på ein roman av Hjalmar Söderberg frå 1912, og er blitt filmatisert to gongar tidlegare, sist i Anja Breien sin versjon frå 1977. Spørsmålet om kor vidt mennesket kan oppleve ekte kjærleik er like relevant i dag som for hundre år sidan, og i filmskapar Pernilla August si drakt har Söderberg sitt drama fått ei tidsriktig oppdatering, som like fullt er tru mot originalen. Ta del i haustens store kjærleiksdrama!

Varer i 1t 55min

Norge / Sverige / 2016 
SPRÅK: norsk/svensk
UNDERTEKSTER: engelsk
MEDVIRKENDE: Sverrir Gudnason, Karin Franz Körlof, Sven Nordin, Michael Nyqvist, Sverrir Gudnason, Liv Mjones, Mikkel Boe Folsgaard, Goran Ragnerstam
REGI: Pernilla August
MANUS: Lone Scherfig, etter en roman av Hjalmar Söderberg
FOTO: Erik Molberg Hansen
PRODUSENT: Patrik Andersson, Frida Bargo, Fredrik Heinig

Pris: 
Kr. 65,-
Bilde: 
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 
Slideshow: 
TV: 

Ledig stilling

$
0
0
Teaser: 

Oseana søkjer kunstformidlar/ utstillingskurator. 

Bilde: 

Då vår noverande kunstformidlar/ kurator har flytta til Austlandet, søkjer vi no etter ein ny person som skal føre vidare utviklinga av kunstdelen i senteret.

Bakgrunn og eigenskapar:  

Vi søkjer ein person med høgare utdanning innan kunsthistorie, som skal ha det faglege ansvaret for kunsten. Du skal leie og vere pådrivar for utviklinga av kunsthuset Oseana, derav Griegsamlingen og Hvelvet. 

Stillinga har rom og moglegheiter for å skape nye konsept og for å sette nye, kreative idear ut i live. Du har tankar kring korleis kunstdelen av senteret kan vidareutviklast til å bli endå betre, og jobbar tett saman med leiinga med å gjere Oseana til eit endå meir ettertrakta kunsthus.

Stillinga inneber også kunstformidling og foredragsseriar mot publikum i alle aldrar, inkludert den kunstnariske delen av Oseana sitt skuleprogram, Friskunst.

I tillegg til faglig kompetanse vil det bli lagt vekt på gode evner kring samarbeid og evne til sjølvstendig arbeid.

Stillinga er ei prosjektstilling over 2 år.

Stillingsprosent: 70% 

Løn etter avtale.

SØKNADSFRIST ER 07.10.2016

Spørsmål kan rettast til direktør Ole Tobias Lindeberg | ole@oseana.no | 932 57 024

Rigging i Griegsamlingen

$
0
0
Teaser: 

Delar av våre utstillingar er stengde i perioden 14. september - 1. oktober. 

Bilde: 

Frå og med 14. september og fram til 1. oktober er Griegsamlingen stengd i påvente av at vi opnar haustens store utstilling med Inger Sitter!

Men den flotte utstillinga til Helene Førde er framleis open, og står i Hvelvet heilt fram til 25. september. Har du ikkje fått med deg denne anbefalar vi at du legg turen innom! Vi har ope kvar dag heile veka, og det same har Oseana kafé og restaurant

Husk også at utstillinga med Inger Sitter opnar laurdag 1. oktober kl. 14.00! Gratis inngang og enkel servering. Les meir om denne utstillinga her, eller sjå vårt Facebook- arrangement

Kino: Storkene

$
0
0
Teaser: 

Animasjon / Komedie

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Storkar leverer babyar... eller dei gjorde ihvertfall det før.  No leverer dei pakkar for eit globalt Internett-selskap.

Junior, selskapet sin framste "leverings-stork", er på randen til å bli forfremma då han ved eit uhell aktiverer "babylagemaskinen", som produserer ein skjønn og heilt uautorisert jentebaby.

Desperat etter å levera den vesle trøbbelbunten før sjefen finn ut av det, forsøker Junior og Tulip, det einaste mennesket på storkefjellet, å levera deira første baby nokon sinne.  Det blir ei vill reise som kan gjera meir enn ein familie heil, og kanskje få storkane tilbake til sitt eigentlege oppdrag i verda.

Norsk tale.

Billetter får du kjøpt i resepsjonen på Oseana frå 25. september.

Unummererte plassar.

Arrangementdato: 
søn, 09/10/2016 - 16:00
Body2: 
Pris: 
Kr 80,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 
Servering: 
Kiosk i foajéen
Slideshow: 
TV: 

Kino: Børning 2

$
0
0
Teaser: 

Action / Komedie

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Då Roy Gundersen slepp ut av fengsel etter to år, for å ha delteke i eit ulovleg gatebilløp, er han fast bestemt på å få livet sitt tilbake på skinner.  Han har nådd botnen, slått konkurs, og i eit forsøk på å betra livet sitt og vera ein god rollemodell for dottera Nina, begynner han å jobba på ein bensinstasjon.

Når Roy sin gravide kjærast arrangerer ein "ute av fengsel"-fest, dukkar nokre av hans gamle billøpfiendar opp og utfordrar han til å bli med på eit nytt løp.  Løpet skal starta i Fosnavåg og deretter gå igjennom Sverige og Finland før det ender opp i Murmansk.  Roy vil ikkje.  Han forsøker å halda seg på matta og vil heller bruke tida si på Nina enn å køyre billøp.  Men når Roy finn ut at Nina skal delta på løpet saman med kjærasten sin Charlie, må han prøve å stoppa henne.

Løpet blir vilt og utfordrande; over fjell, glatte vegar og isete innsjøar.  Det blir også ei jakt mellom bilane og politiet, som gjer alt dei kan for å stoppa løpet.

Billetter kan du kjøpe i resepsjonen på Oseana frå 9. oktober.

Unummererte plassar.

Arrangementdato: 
lør, 15/10/2016 - 19:00
Body2: 
Pris: 
Kr. 100,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 
Servering: 
Kiosk i foajéen
Slideshow: 
TV: 

Anna Neset - releasekonsert

$
0
0

Foto: Anders Skaldebø

Anna Neset er ein songer og låtskrivar fra Os. 1 oktober kjem debutplata hennar, som har fått namnet «Under the same sun», og releasekonserten skjer på Oseana! 

Anna sin musikk er kjensleladd, og hentar element frå ulike sjangrar som soul, blues, jazz og pop. Tekstane omhandlar tema som likeverd, rettferd, fridom og kjærleik. Plata er spelt inn live i Havnelageret Studio, og på konserten har ho med seg same band som har bidrege på plata, samt nokre koristar. 

Bandet består av:

Egil Heilund – piano
Stig Are Sund – gitar
Åsgaut Malm Geithus – bass
Anders Skaldebø – trommer
Tonje Hernes – kor
Kristine Bjånesøy Tikkanen - kor

Konserten finn stad i foajeen, og billettane er i sal! 

Sjekk ut Anna si Facebookside her, og har du Spotify kan du lytte til albumet her

Arrangementdato: 
lør, 01/10/2016 - 20:00
Pris: 
Kr. 150,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/anna-neset-releasekonsert-billetter/507707
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Foajé
Slideshow: 
TV: 

Pilotprosjekt på Oseana

$
0
0
Teaser: 

Oseana streamar teaterframsyning direkte til to sjukeheimar!

Bilde: 

Foto: Riksteatret

Torsdag 22. september kjem Riksteatret til Oseana med suksessframsyninga "Fortrolige samtaler", som er basert på livshistoria til Ingmar Bergman si mor. Det er Liv Ullmann som har regien, og stykket har hausta strålande kritikkar og spelt for fulle hus ute på turné. 

No skal Oseana i samarbeid med Riksteatret teste ut eit prosjekt der framsyninga blir livestreama til to ulike sjukeheimar denne kvelden. 

- Så vidt vi veit er dette første gong at ei teateroppsetjing kan opplevast på tre stader samtidig, fortel Mette Hægeland Blom, som er informasjonssjef ved Riksteatret. Initiativet kjem frå Riksteatret, ved direktør Tom Remlov, som har hatt ein draum om å gjere dette sidan han tok plass i direktørstolen i 2014. 

  - Det er veldig kjekt at vi no får til eit slikt prosjekt, og kjekt at Oseana tok denne utfordringa, seier Remlov. - Det blir spennande å sjå korleis dette fungerer i praksis, og korleis det blir motteke av dei som ikkje sit fysisk i teatersalen. 

Sjukeheimane som får sjå stykket denne kvelden er Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os og Bergen Røde Kors Sykehjem. Det er difor ikkje eit kommersielt prosjekt. 

  - Riksteatret skal vere eit teater for heile landet. Ved å gjere dette når vi ei gruppe som som gjerne vil, men har vanskar med å kome seg til kulturhuset, seier direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg, som ikkje var sein med gripe denne moglegheita då den kom. - Det er veldig kjekt å få samarbeide med Riksteatret på eit slikt pilotprosjekt. Verdsveven gjev oss fantastiske moglegheiter til å dele opplevingar med så mange, eller så få, som ein ynskjer. Desse prosjekta kan bli så store som ein sjølve vil. 

Remlov og Lindeberg vil sjølve vere til stades både på Luranetunet og på Røde Kors Sykehjem for å ta del i opplevinga saman med bebuarane. Det er Os-firmaet Varde Media som står for den tekniske produksjonen. Framsyninga i Oseanasalen er utseld. 

Ung blås!

$
0
0
Arrangementdato: 
søn, 25/09/2016 - 13:00

Søndag 25. september inviterer Os muiskkforening til Ung blås i Oseanasalen. 

Du får høyre eit stort, samansett korps av unge blåsarar og slagverkarar frå Os, Fusa og Samnanger. Dette blir musikk for alle!

Solist denne kvelden er Eirik Gjerdevik, ein av Noregs beste tubaistar! 

Dirigent er Marius Fevang Thorstensen. 

Billetten kjøper du i inngangen, og du betalar anten kontant eller med Vipps. 
Vaksen kr. 100,- og born under 10 år gratis. 

Arrangør: Os Musikkforening

Pris: 
Kr. 100,- /gratis
Bilde: 
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Slideshow: 
TV: 

Sondre Lerche

$
0
0

Sondre Lerche er eit navn dei fleste nordmenn mellom 12 og 80 kjenner til, og har allereie hatt ei lang og fruktbar karriere både som artist og tv- personlegheit. Det er vanskeleg å tru at mannen så vidt har rukke å fylle 30 år! 

Og 21. januar 2017 startar han noregsturneen sin på Oseana! 

Sondre Lerche er ein artist som vanskeleg let seg sette i bås. Sjangermessig kan han beskrivast som ein klassisk crooner med fengande poplåtar, inspirert av 70-talsrock, pønk og med innslag av elektroniske element. Som konsertartist opplevast han som ein ernergisk og svært karismatisk frontfigur med eit tett og solid band i ryggen. Dette er rett og slett ein artist ein bør få med seg live!

Lerche sitt forrige album, "Please", viste oss ein artist som på ingen måte er ferdig med å utforske nye musikalske landskap, og inneheldt nokre av dei friskaste og mest dansbare låtane ein har haurt frå Sondre. Rykta vil ha det til at vi allereie seinare i år vil få ny musikk frå Sondre, og vi gler oss stort! 

Billettane er i sal, sikre deg billett no til Oseana sin storkonsert i 2017!

MERK!

Kun ståplassar! 

18 års aldersgrense, unge under 18 år kan kome i følgje med ein vaksen over 23 år. Vergeskjema må leverast ferdig utfylt ved inngong. 

Arrangementdato: 
lør, 21/01/2017 - 21:00
Pris: 
390,- / 320,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/511995