Foto: Marte Garmann
Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik.
Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han. Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.
Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss. Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjent for sin uvanlig vakre tangomusikk.
«Den enkle gleda ved å stelle i hagen saman med nokon. Den enkle gleda ved å lage kaffi til nokon. Den enkle gleda ved å halde rundt nokon. Han tenker at om han står slik lenge nok, så kjem ho tilbake.»
Med: Kari Simonsen, Stine Robin Berg Hansen, Sverre Bentzen, Kristoffer Sagmo Aalberg og Espen Leite.
Regi: Hildegun Riise
Scenografi: Åse Hegrenes
Videodesign: Åsmund Bøe
Lysdesign: kunngjerast seinare
Lyddesign: kunngjerast seinare
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.
Kritikarvisning på Riksteatret i Nydalen, Oslo 18. mai 2017
Urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen 23. mai 2017
På turné med Riksteatret til 47 stader hausten 2017. Spelast på DNS etter turné.
Følg gjerne vårt Facebook- arrangement!
Arrangementdato:
ons, 20/09/2017 - 19:00Pris:
Ord: 410,-
Bilde:
![]()
Kjøp billett:
https://www.ticketmaster.no/event/albert-og-anna-billetter/519237Arrangement:
TeaterSal:
OseanasalenSlideshow:
![]()
TV: