Teaser:
Tarjei Vesaas
Den som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møte han.
Fortellinga om Mattis har gripe stadig nye generasjonar like sidan Vesaas sin roman først kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han blir kalla i bygda. Vi drar kjensel på han, både hos andre og i oss sjølv. Likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører oss så sterkt – uansett kor vi sjølv er i livet.
Mattis og storesøstera Hege bur åleine og i svært enkle kår. Ho strikkar for å skaffe til livets opphald, men når Mattis tar seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si ega verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekk over hustaket. Han kjem til å tenke på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eit av dei høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla for Mattis-og-Hege. Når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp, og får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etterkvart blir kjærastar, føler Mattis at heile hans liv er blitt forandra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tåle eit liv utan Hege.
Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekke gongar, både i Noreg og utlandet. Denne gongen presenterer Riksteatret Vesaas sitt meisterverk i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei seinaste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gje historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.
Riksteatret skal fortelja historia som foreiner eit publikum over heile landet – historiar som gjev oss tilhøre til kulturen vi lever i, som gjer vår felles livsoppleving gjenkjenneleg, levande og nærværande. Og viktig.
I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas sin roman Fuglane eit slikt felleseie.
På scena
Tom Styve, Ingvild Holthe Bygdnes, Tore B Granås, Mads H. Jørgensen, Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm og Ane Ulimoen Øverli
Team
Regissør: Lasse Kolsrud, Scenograf: Milja Salovaara, Lysdesigner: Martin Myrvold, Komponist: Kjetil Schjander Luhr, Koreograf: Belinda Braza, Dramaturg: Tine Thomassen og Produsent: Emnet Kebreab
Forestillingslengde: 2 timar 20 minuttar (inkludert pause)
Premiere: Oslo / Nydalen 17. januar 2019
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag.
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement
Arrangementdato:
tir, 19/03/2019 - 19:00Pris:
Ord. 420,- / BT 340,-
Bilde:
![]()
Kjøp billett:
https://www.ticketmaster.no/event/fuglane-billetter/583265Arrangør:
Oseana Kunst og kultursenter
Sal:
OseanasalenArrangement:
TeaterServering:
Middag før framsyninga? Kontakt Oseana Kafé og restaurant for meny og bordbestilling på tlf. 53 69 51 40
Slideshow:
![]()
TV: