Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live

Til Deg!

$
0
0
Teaser: 

Kongshug Musikkgymnas

Til Deg!​

- av og med elevar frå Kongshaug Musikkgymnas.

 

  • Til deg som har verdas beste dag nett i dag..
  • Til deg som kjenner deg heilt aleine
  • Til deg som spring så fort du kan for å rekkje alt
  • Til deg som ikkje fekk vere med på laget
  • Til deg som ikkje orkar  å stå opp
  • Til deg som endeleg traff drømmedama
  • Til deg – og til oss alle, her vi lever liva våre..

Nokre såre dagar, nokre lukkelege. Nokre netter som aldri tek slutt, nokre dagar som går som ein røyk, andre som sniglar seg av stad. Nokre dagar er gule, og nokre er grå..

Ingen av oss har det likt, og ingen ting er meir normalt. Uansett er alle dagar dine dagar, og dei gjev livet farge og form.

Vi vil ønskje velkommen til konsertframsyning med elevane ved Kongshaug musikkgymnas i Oseana 16.februar. Vi har satt saman låtar og musikk som spenner over mange tiår. Felles for desse er at dei seier noko om korleis vi kan ha det, og kor ulikt vi kan ha det, sjølv om vi vaknar til den same morgonsola. Kanskje var det ikkje din tur i dag, men då er det lov å håpe at morgondagen blir betre.

Det blir flotte låtar i varierte arrangement som spenner frå Beatles til Sigrid – frå Cole Porter til Erik Bye. Vi har 120 elevar på scena i kor og ensemble, og vi trur det blir ei flott oppleving for – og  TIL DEG.

 

Ord.: 225,-

Stud/Honnør/Ungdom: 175,-

Barn (4-6): 110,-

Under 4:  gratis

Arrangementdato: 
lør, 16/02/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 225,- / Stud. 175,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/591291
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Oseana Kafé og Restaurant: 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Christel Alsos

$
0
0
Teaser: 

Den vakre stemma frå nord!

Etter den kritikerroste medverknaden i TV2 suksessen “Hver Gang Vi Møtes”, har 2018 vore eit av dei mest hektiske åra for Christel Alsos som artist, med EP utgiving, fleire utselde haustkonsertar, og ein juleturné med meir enn tjue konsertar. Låtane hennar har gått som ein farsott på norsk radio, og du har gjerne høyrt musikken hennar i serien «the Vampire Diaries» og andre amerikanske filmar.

 

Med fem soloplater, tre spellemannsnominasjonar og ei enorm merittliste i ryggen, er Alsos verkeleg ein av Noregs beste konsertartistar.

 

Christel Alsos har tidlegare solgt ut fleire konsertsalar – no kjem ho endeleg til Oseana!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Ord. 435,- / BT 355,-

 

Arrangementdato: 
fre, 08/03/2019 - 20:00
Pris: 
Ord. 435,- / BT 355,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Christel Alsos - Make Me Happy (Live // TV2 Senkveld)

Servering: 
Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Julenissens datter

$
0
0
Teaser: 

Årets juleeventyr!

På Grønland bur 12 år gamle Lucia med foreldra sine Claudia og Julius (betre kjend som Julenissen). Lucia går til International Santa Claus School. Ho har aller mest lyst til å bli julenisse, men det kan ho ikkje for det er berre gutane som får gå i julenisseklassen. Det syns Lucia er urettferdig, men hennar far Julius meiner ho må følgje tradisjonane og bli nissekone, akkurat som si mor.  

Når Lucia fortsetter å protestere, gir Julenisseskolen ho ei sjanse til å bevisa at ho kan bli ei like god nisse ein som gutane. Ho må oppfylle menneskjeguten Alberts største juleønskje: At faren hans skal bli frisk for han lider av ein mystisk sjukdom. Då det går opp for Lucia at Alberts far har blitt smitta av den onde Krampus, forstår ho at hho må løyse ein nesten umogleg oppgåve - ho vert nødd til å finne Krampus for at Alberts far skal ha ei sjanse. 

No startar eit forrykende juleeventyr som går over berg og dal då Lucia reiser ned til Danmark for å jakte på Krampus.

 

Originaltittel: Julemandens datter
Genre: Barnefilm
Regi: Christian Dyekjær
Skuespillere: Ella Testa Kusk, Peter Sejer Winther, Martin Buch, Mia Lyhne, Ulf Pilgaard
Nasjonalitet: Danmark
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 33 min.
Sensur: 6 år
Begrunnelse: Enkelte mørke og dramatiske scener gjør at denne filmen får 6-årsgrense.
 

Arrangementdato: 
søn, 16/12/2018 - 16:00
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Julenissens datter - norsk HD trailer - på kino 16. november 2018

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Robin Hood

$
0
0
Arrangementdato: 
søn, 02/12/2018 - 19:00

Robin av Loxley (Taron Egerton), ein krigsherja korsfarar og hans mauriske medhjelpar John (Jamie Foxx) egger til opprør mot den korrupte engelske kronen i dette spanande actioneventyret, spekka med heftige slosscener, utruleg kampkoreografi og tidlaus romanse. 

 

Originaltittel: Robin Hood
Genre: Action
Regi: Otto Bathurst
Skuespillere: Jamie Dornan, Taron Egerton, Jamie Foxx, Eve Hewson, Ben Mendelsohn
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Lengde: 1 t. 56 min.
Aldersgrense: Ikkje fastsett

Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Robin Hood (2018 Movie) Official Trailer – Taron Egerton, Jamie Foxx, Jamie Dornan

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Vårlansering 2019!

$
0
0
Teaser: 

Velkomen til presentasjon av vårens program

Bilde: 

Laurdag 1. desember kl. 13:00 er du hjarteleg velkomen til Oseana og lansering av vårprogrammet 2019! 

Det blir servering av julegraut, saft, peparkaker og gløgg. Tradisjonen tru vil vi også i år dela ut gratis lodd til alle som er tilstades på lanseringa, og her er det mange flotte premiar å vinna - kanskje går du heim med ein billett eller to?

 

Arrangementet er gratis - vel møtt!

 

Prinsesse Slim

$
0
0
Teaser: 

Ville du helst vore kjendis eller smart?

 

Gruppe 1 i Os barne- og ungdomsteater og barneteatergruppa på Nore Neset presenterer eit heilt nytt teaterstykke, utarbeidd av teaterelevane, i samarbeid med instruktør og forfattar.                                                                                                                         

Fossen Privatskule er delt inn i to klasserom. Eitt for dei rike som betaler for skulegangen og karakterane sine, og eit knøttlite klasserom for dei andre. Ellinor blir superkjendis fordi ho lagar det mest fantastiske slimet i heile verda, så ho får byta klasserom. Johnny Lol er forelska i henne, men ho må forlata han i det minste klasserommet. Lærarane er dårlege, og rektor Fossen er misunneleg på Ellinor. Han prøver å herma med sin eigen slimetubekanal. Johnny Lol og Ellinor må jakta på ein flink lærar, før alle ender opp dumme som brød.

Manus: Tor Arve Røssland www.forfattaren.no /

Regi: Frøydis Flotvewww.teaterfrø.no

 

I rollene:

Os barne- og ungdomsteater: Nora Tillung, Tora Skorpen Sundfjord, Ylva Sande Svortevik, Maren Austgulen, Vilde Austgulen, Kristina Sæthre Lekven, Kaja Sælen-Kongsvik, Vilde Prestnes Knapstad, Jenny Lygre Egeland, Lila Dahl, Markus Andre Kolstad, Henrik Hagevik Larsson, Marius Linden, Amalie Moldøen Håvik, Teodor Borge Riise, Aurora Isabell Sjøbø

Nore Neset teatergruppe: Ida Nordtveit Hansen, Linnea Kalberg Glover, Tindra Marie Solheim, Mina Gaassand Tvedt, Ingvild Thorsnes Kvinge, Vivian Korneliussen Helle, Nicolas Sundøy, Sarah Bergo og Evelina Sommerova

 

Høver frå 6 år

Varer om lag 60 min.

 

Ord. 100,-

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Arrangementdato: 
tir, 07/05/2019 - 18:00
Pris: 
Ord. 100,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Teater
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Osøren Jazzensemble & Marita Moe Sandven

$
0
0
Teaser: 

Tradisjonen tru!

For sjuande året ber vi inn til ettermiddagslag i foajeen 17. mai, saman med desse svingande musikarane. Du kan nyta både dei og noko å leska deg på i Oseanafoajeen, saman med både naboar og gamle og kanskje nokre nye vener.

 

Ord. 125,-

Arrangementdato: 
fre, 17/05/2019 - 17:00
Pris: 
Ord. 125,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/592987
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Foajé
Arrangement: 
Jazz
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

FiB: Pepe & Speedy

$
0
0
Teaser: 

Med pepofon!

Festspillene i Bergen med barne- og familiekonsert:

 

Ei musikalsk reise med gitar, saksofon og pepefon.

Kven har sagt at ein klarinett berre kan brukast til å blåsa i? Og at instrumentbager ikkje høyrer heime på ei scene? Ypperlege perkusjonsinstrument båe to! Jazzmusikarane Christoph Pepe Auer og Manfred «Speedy» Temmel leikar seg med gitarar, klarinettar, saksofonar og andre saker når dei utforskar lyd, rytmar og melodiar. Dei har jamvel laga eit heilt nytt instrument: Pepefon!

Musikken svingar frå fartsfyld sigøynermusikk til melodiske songar, groovy rytmar og svingande vals – eigenkomponert, så vel som utdrag frå pop, jazz og den klassiske verda. Med speleglede og kreativitet bes publikum med på ei interaktiv musikalsk oppleving.

 

Christoph Pepe Auer klarinett, saksofon, pepefon

Manfred Temmel gitar

 

Høver frå 6 år

Varer 40 min

 

Ord. 175,-  

Barn u/16: 125,-

Arrangementdato: 
søn, 26/05/2019 - 12:00
Pris: 
Ord. 175,- / 125,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/593329
Arrangør: 
Festspillene i Bergen
Arrangement: 
Born familie
Sal: 
Småsal
Slideshow: 
TV: 

FiB: Matteuspasjonen med Isango Ensemble

$
0
0
Teaser: 

Isango Ensemble er tilbake!

 

Biletet over er frå Isango Ensembles oppsetting av Venus og Adonis, Sheakspeare.

 

I 2018 berørde og bergtok sørafrikanske Isango Ensemble festspillpublikummet med A Man of Good Hope og Tryllefløyten. I 2019 gjestar dei Oseana med ei til dels iscenesett utgåve av Matteuspasjonen av Bach, som no vert sett opp med stor vokalprakt og fullt marimbaorkester. 

Isango Ensemble har spelt for utselde salar verda over og har vunne ei rekkje internasjonale prisar, særleg for sine nyskapande tolkingar av vestlege teaterstykke og musikkverk.

 

Matteuspasjonen – Ivangeli ngokubhalwe nguMateyu
Av Johann Sebastian Bach, Mandisi Dyantyis og Mark Dornford-May

 

Mark Dornford-May regi

Mandisi Dyantyis arrangør

Produsert av Isango Ensemble

 

JOHANN SEBASTIAN BACH (16851750) Matteuspasjonen BWV 244

 

 

Ord. 460,-

Honnør: 430,-

BT: 345,-

Arrangementdato: 
tor, 30/05/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 460,- / BT 345,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/593471
Arrangør: 
Festspillene i Bergen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Middag før konserten? Kontakt Oseana Kafé og restaurant for meny og tinging av bord, tf. 53695140 eller mail restaurant@oseana.no
Slideshow: 
TV: 

Griegsamlingen

$
0
0
Teaser: 

Utstilling

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Etter kulturskulemønstring, spel og spetakkel blir det storslegne rommet igjen fyld med Griegsamlingen sine eigne verk.

Arrangementdato: 
lør, 01/06/2019 - 11:00
Body2: 
Pris: 
Fri inngang
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Griegsamlingen
Arrangement: 
Utstilling
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Utstillingsopning - Trine Lise Nedreaas

$
0
0
Teaser: 

Videoarbeid

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Utstillinga står til 4. august. Følg med for utfyllande informasjon.

Arrangementdato: 
lør, 01/06/2019 - 14:00
Body2: 
Pris: 
Fri inngang
Bilde: 
Kjøp billett: 
Billettinfo: 
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Galleri Hvelvet
Arrangement: 
Temporær utstilling
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Samling

$
0
0
Teaser: 

Ei samtale i Greigsamlingen

Evelyn Holm i samtale med Per Grieg Sr. om bilethoggaren Ingebrigt Vik.

 

Ord. 100,-

Gratis for medlemmar av Oseana Kunstklubb.

Arrangementdato: 
ons, 12/06/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 100,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Oseana Kunst og kultursenter
Sal: 
Griegsamlingen
Arrangement: 
Foredrag
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Oldtimers Bigband

$
0
0
Teaser: 

Storband med svingande låtar!

OTB er eit fulltallig storband med 5 saxar, 4 trompetar, 4 trombonar,gitar,bass,slagverk,perkusjon,piano og vokalist. 

Pianist Åsmund Brekke har komponert fleire vakre og fengande melodiar for bandet. Oldtimers Bigband består av osingar, med eit par solide innslag frå Bergen og Hardanger. Dei spelar svingande og velkjende låtar frå glansperioden til storband. Vi får m.a. høyre Sweet Georgia Brown, Fly me to the moon, og Jan Haaland med Jento frå Mobergsvikjo (Girl from Ipanema).

Konserten blir holdt i Foajéen hvis regn.

 

Ord. 200,-

Arrangementdato: 
lør, 15/06/2019 - 14:00
Pris: 
Ord. 200,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/592999
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Utandørsarrangement
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Oseana Kafé og Restaurant: 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Os Senioruniversitet

$
0
0
Teaser: 

Foredrag

Foredrag v/Gunhild Strand: "Frå amalgam og "pinaren" på Nygård - til skru-tenner og perleglis".

 

Meir informasjon kjem.

 

Semesterkort (fri inngang).

Førehandsal og billettsal i døra, kr. 100,-

Arrangementdato: 
man, 06/05/2019 - 11:00
Pris: 
Ord. 100,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Arrangør: 
Os Senioruniversitet
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Foredrag
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Vildmarkens Søn

$
0
0
Teaser: 

Om Jimmy Øvredal

V I L D M A R K E N S   S Ø N

Norsk dokumentar. 

Sidan han var liten har bonden, læraren, poeten og musikaren Jimmy Øvredal levd i kløfta mellom røyndom og folketru. I sitt eige rike i Øvredalen lever han tett på naturen, fuglane og skapningane frå norsk mytologi – slik mange nordmenn gjorde i tidlegare tider.

Jimmy brukar både dei kroppslege og åndelege sansane, og tolkar naturen sine teikn kvar einaste dag. Er Jimmy berre ein eksentrikar, eller har han forstått noko vesentleg om korleis menneske og natur heng saman?

Vildmarkens søn handlar om korleis nærleiken til naturen er livsviktig for eit menneske, og kvifor vi må forstå naturen for å ta vare på den. 

 

Arrangementdato: 
søn, 16/12/2018 - 19:00
Pris: 
Ord. 116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/kino-vildmarkens-son-billetter/593483
Arrangør: 
Bygdekinoen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Servering: 
Oseana Kafé og Restaurant: 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

EKSTRA! Marit Voldsæter - Null i biologi

$
0
0
Teaser: 

Finn pulten din!

Stand Up Norge AS presenterer stolt:
«MARIT VOLDSÆTER – NULL I BIOLOGI»

Regi: Erik Ulfsby og Karina Aase

 

ÅRETS JULEGåVETIPS TIL DIN FAVORITTLÆRAR!

No er landets mestselgande kvinnelege komikar endeleg tilbake!

Med to seksarar og ein femmar på terningen etter premiera i Bergen er Marit Voldsæter ikkje lenger ei kvinne på randen. Marit strauk i biologi på skulen og no har ho gifta seg med ein professor i faget – slikt blir det humor av.
Kviffor blir vi høgare? Er vi eigentleg alle afrikanarar? Forestillinga er lagt opp som ein skuledag med din nye lærervikar; Marit Voldsæter. I alle fag! Forestillinga er i bunn og grunn ein morosam hyllest til alle våre lærarar.

Erik Ulfsby er tilbake som regissør, denne gongen saman med Karina Aase, og med seg som før, Elina Krantz i Stand Up Norge AS som produsent.

Etter kritikar- og publikumssuksessene «Drit i å danse!», «Med ræven i fatle» og «Rett fra skrumpleveren» er det no «Null i biologi» som gjeld – finn pulten din og velkomen til årets mest morosame skuledag!

 

Genistrek av et showkonsept!

- AFTENPOSTEN

TERNINGKAST 6!

Hysterisk morsom!
- BERGENSAVISEN

TERNINGKAST 6!

Marit består med glans!
- BERGENSMAGASINET

TERNINGKAST 5!
Ustyrtelig morsom!
- BERGENS TIDENDE

 

Les seksar-anmeldinga til Bergensmagasinet her.

Forestillinga varer i ca. 75. minutt, utan pause.

Arrangementdato: 
fre, 08/02/2019 - 21:00
Pris: 
Ord. 485,- / Student 410,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/marit-voldsaeter-null-i-biologi-ekstraforestil...
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Humor
Servering: 
Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

EKSTRA! Eggum & Sivertsen - Vi To (er ikke Romeo og Julius)

$
0
0
Teaser: 

Rungande latter og mjuke augneblink

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Foto: Paal Audestad

 

Eggum & Sivertsen:
VI TO (er ikke Romeo og Julius).
 
Ryktet seier at Eggum og Sivertsen har laga nye planar, og tatt nokre nye (gitar)grep.
Forrige gong dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsatte salar over heile landet. No har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar. 

Med kjende og ukjende gullfunn i kvarandre sine skattekister, og med varme og store dosar humor byr dei to på sine heilt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt venskap i botnen.
Igjen skal dei to folkekjære, men veldig ulike artistane visa oss kvifor songene deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. 
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intenst nærvære, trøkk, rungande latter og mjuke, magiske augneblink. 

Duo-formatet er nakent og krevande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten eit nærvære både til songane og til publikum. 
Eggum & Sivertsen stortrivst i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei. 
Sånne er gode å ha.  
Kvar gong vi møtest er det på´an igjen.   

Velkomen!

Arrangementdato: 
tor, 14/03/2019 - 21:00
Body2: 
Pris: 
Ord. 495,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/eggum-sivertsen-vi-to-er-ikke-romeo-og-julius-...
Billettinfo: 
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Show
Servering: 
Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Sonja

$
0
0
Teaser: 

Diva. Filmstjerne. Ikon.

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Sonja er filmen om Sonja Henie, tidenes største kunstløpar, som bestemmer seg for å dra til Hollywood i 1936 og bli filmstjerne. Hennar fyrste film, One In a Million, topper Box Office same år, og sånn skal det fortsette i lang tid framover. Nye filmar, halsbrekkende koreografiar, spektakulære skøyteshow, endelause fester, alltid omringa av kjærastar, beundrarar, vener og familie. Ein endelaus opptur … Men så skjer det. Sonja vert eldre. Ho er ikkje søt lenger. Publikumstallene synker, filmselskapene trekk seg. Korleis skal ho slå seg opp denne gongen?

Ine Marie Willmann speler Sonja Henie. Hun gikk ut av Teaterhøgskolen våren 2011, og har hatt ei rekkje store roller ved teatre rundt i Noreg, bl.a. som Anne Frank i oppsetninga Anne Franks dagbok på Den Nationale Scene i Bergen i 2013, og i Riksteatrets oppsetning av Anna Karenina i 2011. Willmann mottok Amandaprisen for beste kvinnelege skodespelar i 2015 for si rolle i spelefilmen De nærmeste, også denne regissert av Anne Sewitsky. I 2016 mottok ho Gullruten i klassa beste kvinnelege skodespeler for si rolle i krimserien Det tredje øyet (TV2).

I øvrige roller har vi Eldar Skar (Okkupert, Mammon) som broren Leif Henie, Pål Sverre Hagen (Kon-Tiki, Valkyrien) speler Niels Onstad og den irske skuespilleren Valene Kane (The Fall, Star Wars: Rogue One) spiller Sonjas personlige assistent Connie. 

Regissør Anne Sewitsky er utdanna ved Den norske filmskolen på Lillehammer, og Sonja er hennar fjerde spelefilm. I 2011 mottok ho prisen for beste film ved den prestisjefylte filmfestivalen i Sundance for debutfilmen Sykt lykkelig (2010), og hennar andre spelefilm Jørgen + Anne = sant (2011) blei ein kritiker- og publikumssuksess, og vart vist ved filmfestivalen i Berlin. Spillefilmen De nærmeste (2015) blei vist på festivalar både i Sundance og Toronto. Ho har også regissert ei rekkje dramaserier, blant annet Monster (NRK 2017). 
 

Genre: Drama
Regi: Anne Sewitsky
Skuespillere: Ine Marie Wilmann, Pål Sverre Hagen, Eldar Skar, Valene Kane
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 57 min.

Arrangementdato: 
søn, 06/01/2019 - 19:00
Body2: 
Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

SONJA TRAILER | På kino 25. desember 2018!

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Troll - Kongens hale

$
0
0
Teaser: 

Begynn året med ny, norsk barnefilm!

Den unge trollprinsen Trym må forlate trolldalen Ervod for å redde sin far, Kong Grom, som er blitt forvandla til stein og har mista halen sin. 

For å klare dette får han berre to dagar, eller så tar hans onde onkel, Grimmer, over makta i trolldalen. Trym og venene hans, den tohodede Jutul og trolljenta Freia, legger ut på ein farleg men eventyrleg reise i en magisk trolleverden for å hente Kongens hale, redde livet hans og gi trollriket tilbake til sin rettmessige Konge.

 
Genre: Animasjon / Eventyr / Familiefilm
Regi: Kristian Kamp, Kevin Munroe
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 25 min.
Sensur: 6 år
Begrunnelse: Denne filmen har enkeltscener som er mørke og dramatiske. Disse scenene inneholder blant annet kraftige lydeffekter og nifse skikkelser. Filmen får derfor 6-årsgrense. 
Arrangementdato: 
søn, 06/01/2019 - 16:00
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Video: 

Troll - Kongens hale ✔️Norsk 3D animasjonsfilm | Trailer

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Åpningstider i samband med jul og nyttår

$
0
0
Teaser: 
Bilde: 

Siste åpningsdag i Oseana før jul er laurdag 22. desember (11-16:00). 

Vi held stengt i romjula, men åpnar att etter nyttår fredag 4. januar kl. 11:00.

 

Vi ønskjer dykk alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År 2019!

Viewing all 1571 articles
Browse latest View live