Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live

Lindesnes Trekkspillklubb - 30 års jubileumsshow

$
0
0
Teaser: 

Tradisjonen tru

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Foto: Kiem Loland

 

Lindesnes Trekkspillklubb er klare for endå ein konsert i Oseana, og denne gongen med 30 års jubileumsshow!  

Nærare 3 000 show, 16 CD- plater, 17 videoutgjevingar, blant dei ein fjernsyns- og kinofilm som er vist seks gongar på NRK, 11 USA- turnear gjennom 31 statar og turnear i 12 andre land er noko av det dei glade trekkspelarane har vore med på sidan klubben vart starta i 1990. Speleglede og godt humør, og av og til kanskje ei tåre, er det som kjenneteiknar desse blide sørlendingane. Kjende og kjære melodiar står på programmet når 45 musikarar frå Vest-Agder, Aust-Agder og Rogaland står på scena.

 

No feirar dei jubileum, og lovar oss Lindesnes trekkspillklubb på sitt aller beste! Samtlege musikarar gler seg til igjen å fylle salen på Oseana. Her er det berre å gle seg!

 

Ord. 370,-

 

Arrangementdato: 
fre, 28/02/2020 - 18:00
Body2: 
Pris: 
Ord. 370,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/lindesnes-trekkspillklubb-30-ars-jubileumsshow...
Billettinfo: 
Arrangør: 
Oseana Kunst og kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Lindesnes Trekkspillklubb - "Slovenia Polka"

Servering: 
Middag før konserten? Kontakt Oseana Kafé og restaurant for meny og booking, 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no
Slideshow: 
TV: 

Halvor Johansson - Ta dere sammen!

$
0
0
Teaser: 

Stand Up Norge

Stand Up Norge AS presenterer:

TA DERE SAMMEN!

Av og med: Halvor Johansson

Stand Up Norge er stolte av å presentere «Ta dere sammen» – Halvor Johanssons første soloforestilling.

 

Halvor Johansson er på veg mot å bli ein av landets mest populære standupkomikarar.

Dei siste åra har han spelt i fleire framsyningar på Latter i Oslo kor han har briljert med sine hardtslåande betraktningar om private, kvardagslege og aktuelle tema.

Morgonsendingane hans på Radio Rock er også blitt ein snakkis, og videospalta "Ta deg sammen», kor Halvor tar eit oppgjer med folk og fe han meiner fortener å høyre det, har fleire millionar avspelingar på Facebook.

 

«Ta deg sammen» er Halvors første heilaftans standupframsyning, og består av tekster han har utvikla på scena og radio den siste tida.

Det kjem garantert nokre klare meldingar om feil, manglar og forbetringspotensialet til Fredrikstad og folka som bur der.

Sjå fram til ein humorkveld av ypparste klasse med ein av landets morosamste og mest frittalande komiker!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Ord. 295,- / Student 250,- / Gruppe 270,-

 

 

Arrangementdato: 
lør, 28/09/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 295,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/599979
Arrangør: 
Stand Up Norge AS
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Humor
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Riksteatret: Liv - eit møte med Liv Ullman

$
0
0
Teaser: 

Om livet, karrieren og draumane

Fotograf Morten Krogvold Byline

 

Eit møte med Liv Ullmann på Oseana. Om livet, karriera og alt ho drøymer om å gjere.

Liv Ullmann er ei av våre aller største stjerner, og med "LIV" skal Riksteatret og Nationaltheatret sørge for at publikum over heile landet får møte henne der dei sjølv bur. Møt henne på scena i ein openhjartig samtale med teatersjef Tom Remlov.

 

-Å reise rundt i Norge og møte publikum på hjemmebane er en av de tingene jeg har drømt om å gjøre igjen helt siden jeg spilte i "Lang dags ferd mot natt" på turné med Riksteatret. Denne gangen møter jeg publikum som meg selv. Som Liv. Det er hun jeg aller best liker å være, seier Liv Ullmann (80). -Jeg håper publikum vil stille meg spørsmål som jeg aldri har fått før, sier Ullmann, som sammen med teatersjef Tom Remlov vil inkludere spørsmål fra publikum hver kveld på turné.

 

"LIV" blir eit møte med den unge skodespelerinna, med Hollywood-stjerna og med den modne regissøren og menneskerettsaktivisten. Det gjennomløpande tema vil vere Ullmanns ønskje om samspel med menneska ho treff, og det ansvaret som eit stort talent medfører, enten det er for kollegaer, for våre livsvilkår – eller for publikum.

 

På scena
Tom Remlov og Liv Ullmann

Team
Regissør: Bentein Baardson, Konseptutviklar og regiassistent: Einar Bjørge, Scenograf: Nora Furuholmen, Lysdesigner: Øyvind Wangensteen og Videodesigner: Anders Åhslund

 

Forestillingslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).

 

Premiere: Oslo / Nydalen 28. september 2019

Turnépremiere: Nøtterøy 1. oktober 2019

Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret

Spelast på Nationaltheatret våren 2020.

Riksteatrets omtale: https://www.riksteatret.no/liv

Arrangementdato: 
tir, 15/10/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 495,- / BT 400,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
http://www.ticketmaster.no/event/606435
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Annan
Servering: 
Middag før framsyninga? ring Oseana Kafé og Restaurant for meny og booking på tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Avengers: Endgame

$
0
0
Teaser: 

Rekka av grusomme hendingar utførd av Thanos utrydda halve universet og oppløyste Avengers.

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

No tvingas dei gjenværande superheltane ut i eit siste oppgjør i den 22. filmen til Marvel Studios, «Avengers: Endgame». 

Kevin Feige er produsent, Anthony og Joe Russo er regissører, Louis D’Esposito, Victoria Alonso, Michael Grillo, Trinh Tran, Jon Favreau og Stan Lee er executive producers, manus er ved Christopher Markus & Stephen McFeely. 

Originaltittel: Avengers: Endgame
Genre: Fantasy / Action
Regi: Anthony Russo, Joe Russo
Skodespelare: Brie Larson, Scarlett Johansson, Karen Gillan, Chris Hemsworth, Chris Evans , Josh Brolin, Evangeline Lilly, Robert Downey Jr. , Tom Holland m.fl 
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk

Arrangementdato: 
søn, 28/04/2019 - 18:00
Body2: 
Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Marvel Studios' Avengers: Endgame - Official Trailer

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Drømmeparken

$
0
0
Teaser: 

Ei magisk fornøyelsespark der alle draumer vert verkelegheit!

June er ei kreativ, lita jente, som saman med mora har skapa ei heil fantasiverd kalla Draumeparken. Når mora vert sjuk, oppdagar June at Draumeparken faktisk eksisterer. Men den held på å forfalle, og det er berre June som kan redde den. Morosam og flott animasjonsfilm for heile familien. Nordens største popduo, Marcus & Martinus, leier an det norske stemmecastet. 

 

Originaltittel: Wonder Park
Genre: Animasjon / Familiefilm
Regi: David Feiss, Claire Kilner, Robert Iscove
Skodespelare: Kenan Thompson, Mila Kunis, Jennifer Garner, Brianna Denski, Matthew Broderick
Lengde: 1 t. 25 min.
Sensur: 6 år
Begrunnelse: Enkelte kortvarige mørke scener med kraftige effekter gjør at denne filmen får 6-årsgrense.
 
Arrangementdato: 
søn, 14/04/2019 - 16:00
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Video: 

Drømmeparken | På kino 12. april 2019

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Britt-Marie var her

$
0
0
Teaser: 

Basert på suksessboka frå forfattaren av "En mann med navn Ove"!

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

'Britt-Marie var her' handlar om den pertentlege Britt-Marie som akkurat har forlatt mannen gjennom 40 år og for første gong blir arbeidssøkjande. Problemet er at den einaste jobben ho kan få er som vaskehjelp og fotballtrenar i Borg, ei stad hardt ramma av finanskrisa. Britt-Marie hatar fotball, men når stedets ungdomsklubb desperat treng ein ny trenar og er villige til å gje jobben til kven som helst, då ser Britt-Marie si sjanse. Når ho i tillegg vert invitert på date av ein lokal politimann, finns det ingen veg tilbake.

Originaltittel: Britt-Marie var här
Genre: Drama
Regi: Tuva Novotny
Skodespelare: Pernilla August, Vera Vitali, Peter Haber
Nasjonalitet: Sverige
Språk: svensk
Lengde: 1 t. 36 min.
Sensur: Tillatt for alle
Begrunnelse: Denne filmen inneholder en kortvarig scene som viser en dramatisk hendelse. Da denne er framstilt på en dempet måte, blir filmen tillatt for alle.

Arrangementdato: 
søn, 14/04/2019 - 18:00
Body2: 
Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

BRITT-MARIE WAS HERE - OFFICIAL INTERNATIONAL TEASER

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Det Flyvende Teppet

$
0
0
Teaser: 

På eit fantastisk flygande teppe, flyr Hodja, saman med sin trufaste ven geiten Raya, mot sola, på oppdrag for å bringe tilbake El Fazas unge barnebarn.

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Hodja bur i Pjort, ei lita ørkenby i Bulgislav, saman med sin mor og far og hans geit Raya. Pjort er ein fin og interessant stad, men veldig lite, og Hodja draumer om store eventyr i ei verd utanfor fjella i horisonten. Hodjas far støtter ikkje sonens draumer og han insisterer på at Hodja forblir i landsbyen. Verda er ikkje ei dans på roser, og den er farlig, folk frå ei lita by er ikkje meint å blande seg med menneskjer i omverdenen. Hodja skal følgje i sin fars fotspor meiner han, og bli skreddar. Når Hodja plutseleg får ein moglegheit, tar han det med begge hender. På eit fantastisk flygande teppe, gitt til han av den gamle El Faza, flyr Hodja, saman med sin trufaste ven geita Raya, mot solen, på oppdrag for å bringe tilbake El Fazas unge barnebarn. Men dei må vere forsiktige, for farar lurer bak kvart hjørne på ferda.

 

Originaltittel: Hodja fra Pjort
Genre: Animasjon / Familiefilm / Barnefilm
Regi: Karsten Kiilerich
Nasjonalitet: Danmark
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 21 min.
Sensur: Tillatt for alle
 

Arrangementdato: 
søn, 28/04/2019 - 16:00
Body2: 
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Det Flyvende Teppet - kommer på kino!!

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Pop-Up konsert med Polkabjørn og Kleine Heine

$
0
0
Teaser: 

Ei makelaus festaftan!

Universets beste jodle- og trekkspelduo, Polkabjørn & Kleine Heine, gjestar Oseana.

Stryk snippskjorta, legg buksa i press og gjer deg vidare beredt til ei makelaus festaftan med glede, sang, kos, tårer og tabubelagt skam. 

Er du svak for mellomkrigssvisker og undergangsmusikk frå fhirty-tallet, då kan du i overspent eksaltasjon lengte mot denne tildraginga.

Kast dine bekymringar, di skuldkjensle og alle vonde tankar over bord, og bli med på ei heidundrandes framsyning med trekkspel og allsang. 

I Oseana altså - kven veit, kanskje det er din tur til å finne ein ny bestevenn på konsert med Polkabjørn & Kleine.

 

Om artistane:

I over 10 år har det bejubla og forhatte kultbandet Polkabjørn & Kleine Heine opptrådt i inn- og utland, pendelsvingande mellom det banale og det geniale. Musikken er prega av trekkspel og jodling, men har også parti med country, Jens Book Jensen, sjanti, strupesang, gospel, folketonar og punk. Showet er ei kuriøs og skiftande blanding av performance, sirkus, komedie, absurdisme, stand-up, tragedie, musikalsk virtuositet og farse. Konsertane vert ofte opplevd som kontraintuitiv for dei som ser dei for første gang. Tidvis verkar det som om duoen ønskjer å framprovosere ein negativ eller forvirra reaksjon hos publikum, men stort sett er dei veldig vennlege.

Ja, og så av og til er dei ein trio. Då er gjerne den slappbass-spelande operasangaren Hallvar Djupvik (eller vikar Ulf Øyen) med. Han sit i så fall på scena gjennom heile konserten og et iskrem og drikk øl, før han syng ’O Sole Mio og Himmelske fader heilt til slutt. 

Polkabjørn & Kleine Heine er også eit ynda oppvarmingsband, mellom anna for A-ha, Ylvis, Katzenjammer, Mods og Dina Martin (dottera til Dean Martin).

I dokumentarfilmen om Polkabjørn & Kleine Heine, Kunsten å jodle, spelar dei seg sjølv. 

Meir er det vel ikkje å sei.

 

Ord. 270,-

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Arrangementdato: 
fre, 10/05/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 270,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/pop-up-konsert-med-polkabjorn-og-kleine-heine-...
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Foajé
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Ausekarane - Ferjelaus og steik forbanna!

$
0
0
Teaser: 

Flonkande nytt show!

Ausekarane står til med ny framsyning, og er denne gang både «Ferjelaus og steik forbanna!»

Dei glade karane har klar ei rad nye låtar, med moro og sprell som alltid. Etter ein kveld med Ausekarane, må du setje av litt tid før du legg deg – her blir da haraball!

 

-Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virtuost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over!» - Bergen Tidende

 

Terning 5 «Publikum hyler av latter!» - Bergensavisen

 

Aldersgrense:  18 år

Ord. 495,-

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Arrangementdato: 
lør, 24/08/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 495,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/ausekarane-ferjelaus-og-steik-forbanna-billett...
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Show
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Songkveld med gutta på kammerset

BOXISM

$
0
0
Teaser: 

Is it time to break the box?

Idé, konsept og kunstnerisk leiing/koreografi: Catherine Michelet 

Kunstnerisk medansvarleg og medverkande: Navid Rezvani 

 

I framsyninga Boxism møtast seks dansarar med bakgrunn i ulike dansestilartar. Målet er utforsking av grenselandet og krysningspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og fordjupning i felles problemstillingar får forskjellige uttrykksformer fungere i samspel. Visjonen er ei framsyning som bryt med gjevne konvensjonar om form og innhald i ei danseframsyning; ei framsyning som ikkje kan plasserast i nokon spesifikk sjanger (“boks”). Dansarane representerer stilartar som mellom anna jazzdans, samtidsdans, hip hop og breaking.

 

Boxism tar for seg temaet utvisking av menneskeskapte grenselinjer og båsar. Tittelen er basert på det engelske uttrykket “to be put in a box”, eller på norsk, “å bli satt i bås”, og visar til at det å sette kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik linje med andre -ismar; racism, feminism, nationalism, sexism osv.

 

Begrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og satt på dagsorden.

– Kvifor stillar vi oss så ofte til kverandre på bakgrunn av merkelappar, grupperingar og båsar?

– Kva er det i oss som gjer det så lett å møte annleisheit med skepsis?

– Is it time to break the box?

 

Catherine Michelet er dansar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo, og har dei seinare åra jobba stadig meir med koreografi ved sidan av sitt virke som utøvar. Catherine har jobba som dansar innan eit breidt spekter av stilartar, som jazzdans, samtidsdans og hip hop. Ho har medverka i diverse produksjonar for scene og TV, og turnert landet rundt med fleire oppsettingar.

 

Varighet: 70 minutt utan pause

Anbefalt frå 12 år

Ord: 275,- 

Stud. / BT: 220,-

Barn under 16 år: 95,-

 

Arrangementdato: 
lør, 19/10/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 275,- / BT 220,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/boxism-billetter/607063
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Dans
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Åsted Valen

$
0
0
Teaser: 

Kristian Valen

Kristian Valen - "Åsted Valen"

16 år har gått sidan Kristian Valen fekk sitt gjennombrot som gjorde han til Noregs mestseljande komikar! 1. november kjem han til Os med sitt nye show.

Det blir som vanleg parodiar på TV program/artistar og kjendisar frå inn og utland i kjend Valen stil. Han har også fått med seg at TV2 har eit program som heiter "Åsted Norge" og at "Gutta på tur" i fjor var tilbake på skjermen! Her blir det parodiar når Valen inviterer gjester/kjendisar som overhodet ikkje passar inn som gjester når han tolkar desse TV-suksessane.

I "Åsted Valen" blir det eit gjensyn med nokre av Kristians mest populære karakterar.

"Åsted Valen" er hans første nye show sidan 2012, då "Fra Hillevåg til Hollywood" hadde si premiere. I hans nye show får publikum det som er forventa av og med Kristian Valen, når han entrar scena. Musikalske og verbale imitasjonar som både imponerer i sin likhet med "originalen" - og den humor som kjenneteiknar Siddisen. Med Kristian på scena får publikum eit show som utfordrar lattermusklane - igjen og igjen!

 

Ord. 530,-

Arrangementdato: 
fre, 01/11/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 530,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/asted-valen-billetter/607589
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Humor
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Pokémon: Detective Pikachu

$
0
0
Teaser: 

Pokémon-univeset i heilt ny drakt!

«POKÉMON Detektiv Pikachu» er den fyrste live-action spelefilmen som er laga om Pokémon-universet. Ryan Reynolds speler detektiv Pikachu, og filmen er basert på det populære Pokémon-merket som fenger alle generasjoner og er ein av tidenes mest populære og suksessfulle mediefranchise. Fans over heile verda kan no oppleve Pikachu på det store lerretet som aldri før, som Detektiv Pikachu, ein heilt unik pokémon. I filmen møter vi også eit breiddt utvalg av kjente og kjære pokémon-figurar, alle med kvar sine unike emner og personlegdom.

Historia byrjar når stjerne-etterforskar Harry Goodman forsvinn på mystisk vis og hans 21-årige sønn Tim drar ut for å finne ut kva som har skjedd. Til å hjelpe seg med etterforskinga har han Harrys tidlegare Pokémon-partnar, detective Pikachu – ein smart og sprudlenade super-snok som forvirrer sjølv seg skjølv. Tim er det einaste menneskje som kan snakke med Pikachu, så dei er det perfekte teamet i jakta på å løyse mysteriet. Saman følgjer dei spor i dei neonbelyste gatene i Ryme City – ein moderne metropol kvarr menneskje og Pokémon lev side om side i ein hyper-realistisk live-action-verd. Dei møter eit mangfald av Pokémon-figurar og avdekk ei sjokkerande samansverjing som kan øydeleggje den fredelege sameksistensa og truge heile Pokémon-universet.

 

Originaltittel: Pokémon: Detective Pikachu
Genre: Eventyr / Animasjon / Familiefilm
Regi: Rob Letterman
Skodespelarar: Justice Smith, Ryan Reynolds, Suki Waterhouse 
Nasjonalitet: USA / Japan
Språk: engelsk
Lengde: 1 t. 44 min.
Sensur: 9 år
Grunngjeving: Partier med valdsame effekter, actionscener og skremmande skikkelser gjer at filmen får 9-årsgrense.
 

Arrangementdato: 
søn, 12/05/2019 - 18:00
Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Video: 

POKÉMON Detective Pikachu - Official Trailer #1

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Aladdin

$
0
0
Teaser: 

Gjer deg klar for Aladdin - Disneys klassiske eventyr i live-action-versjon! 

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Ei spanande og energisk live-action versjon av Disney si animerte klassiker «Aladdin», ein historie om den sjarmerande gateguten Aladdin, den modige og sjølvstendige prinsessa Jasmine, og Genie som kan være nykelen til deira framtid. Regien er ved Guy Ritchie, som bring med seg si  velkjende teft for ekte og fartsfylt action, på vegen mot den magiske porten til byen Agrabah. I rollane møtar vi Will Smith som Genie, Mena Massoud som Aladdin, Naomi Scott som Jasmine og Marwan Kenzari som Jafar.

 

Originaltittel: Aladdin (2019)
Genre: Action / Eventyr / Familiefilm / Romantikk / Komedie
Regi: Guy Ritchie 
Skodespelarar: Will Smith, Mena Massoud & Naomi Scott 
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk/norsk

Arrangementdato: 
søn, 26/05/2019 - 16:00
Body2: 
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Trailer - norsk tekst | ALADDIN - Disney Norge

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Bygdekinoen: Timmy og monsterplaneten

$
0
0
Teaser: 

Bli med på ein spanande oppdagingsreise saman med Timmy på monsterplaneten!

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Timmy og hans foreldre er på ei reise gjennom verdsrommet. Ein dag vert romskipet deira øydelagd når dei kjører gjennom eit asteroidefelt, og unge Timmy vert skilt frå foreldra sine.

Redningskapselen han har vorten plassert i lander på ei heilt ukjend planet. Ved hjelp av Bulk, ein overlevelsesrobot, må han overleve åliene på planeten heilt til eit redningsmannskap kjem. Heldigvis er Timmy nysgjerrig, og elskar eventyr, så i mellomtida drar Timmy og Bulk på oppdagingsferd på den merkelege planeten dei har landa på. Her møter dei blant anna Flash, ein rar lita skapning som tar følgje med dei på ferda. Dei oppdagar planetens magiske dyre- og planteliv, søte og morosame monstre og spanande nye stader. Men det dukker også opp farar ved å vere på ein heilt uutforska planet... 

 

Originaltittel: Terra Willy
Genre: Animasjon / Familiefilm
Regi: Eric Tosti
Nasjonalitet: Frankrike
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 29 min.
Sensur: 6 år
Begrunnelse: Enkelte dramatiske scener og figurar som kan verke skremmande på de yngste gjer at denne filmen får 6-årsgrense.

Arrangementdato: 
søn, 12/05/2019 - 16:00
Body2: 
Pris: 
95,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Arrangement: 
Kino
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

Timmy og monsterplaneten ✔️Norsk tale | Film Trailer

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Riksteatret: Svar på brev frå Helga

$
0
0
Teaser: 

Eit Romeo og Julie for vaksne

Svar på brev frå Helga

Korleis hadde livet vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken?

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minne blanda med svart humor og soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.

Den lille romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vann den islandske bokhandlarprisen i 2010 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. No blir det noregspremiere på teater med folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.

Svar på brev frå Helga er ei gripende fortelling om moden kjærleik - om ein lidenskap som blir bestemmande for to menneske sine liv, og som føder eit sakn dei to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

Noregspremiere på Hordaland Teater 21. mai 2019.
Turnépremiere i Østa 18. september 2019.

Med Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Av Bergsveinn Birgisson. Oversetting: Johannes Gjerdåker. Dramatisering og regi: Stig Amdam. Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes. Lys: Einar Bjarkø. Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS. Produsert av Hordaland Teater. På turné med Riksteatret.

 

Sagt om boka:

 «En oppsiktsvekkende god bok (…) Språket sitrer av begjær. Uforløst begjær - og lengsel.»
Dagbladet, 5

«Full av følelser og tanker om menneskelivet»
VG, 5

«Vakker brevkunst»
Aftenposten

«Det skal godt gjøres ikke å like denne boken, en sann diamant»
Vinduet

«Årets beste bok. Har du ikke lest denne boken, så har du gått glipp av noe virkelig stort»
Bokdama Anette Garpestad

«Eg tar meg sjeldan tid til å lese ei bok fleire gonger, men denne vesle perla av ein roman har eg nett tatt fram og lese om att. Romanen er klok og humoristisk og samstundes så trist og tankefull.»
Anne Merete Hegrenes, Bergen offentlige bibliotek

 

På scena
Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen

Team
Regissør: Stig Amdam, Kostymedesigner, Scenograf: Åse Hegrenes, Videodesigner, Lysdesigner: Einar Bjarkø, Dramaturg: Solrun Toft og Produsent: Emnet Kebreab

Av Bergsveinn Birgisson. Oversatt av Johannes Gjerdåker. Dramatisert av Stig Amdam.

Forestillingslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Norgespremiere på Hordaland Teater 21. mai 2019.

Turnépremiere: Ørsta 18. september 2019

Produsert av Hordaland Teater, på turné med Riksteatret.

Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS.

 

Ord. 420,- / BT 340,-

Arrangementdato: 
fre, 27/09/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 420,- / BT 340,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/607615
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Teater
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Dark side of the wall

$
0
0
Teaser: 

The Nordic Floyd Show

DARK SIDE OF THE WALL - THE NORDIC FLOYD SHOW

 

I 2019 var det 40 år sidan det legendariske albumet «The Wall» blei utgjeven, og ei slik hending kunne ikkje bli forbigått i stillheit. Heldigvis er Dark Side of the Wall Noregs beste Pink Floyd-tributeband, og dei var ikkje vonde å be. 

Konsertane på vestlandet i februar blei ein ubetinga suksess, og Bergens Tidende trilla femmar. 
«Med to fullsatte hus i Grieghallen lørdag kveld leverte det bergenske coverbandet en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller ypperste i sitt slag.» 
«Storslagent og imponerende på alle måter. Ikke helt Pink Floyd, men sannelig ikke langt unna.»

 
Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, medan nokon allereie har oppnådd nirvana: Å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus ei rekke stader i landet i 20 år.

Det heile starta i og for seg ved eit uhell. På tidleg 2000-tal holdt trommis Helge Nyheim, gitarist Bjarte Aasmul og bassist Kai Taule på som band på Zachen i Bergen. Då ingen i publikum kunne stemme i på «Shine on You Crazy Diamond», måtte Helge trå til som vokalist. Etter den kvelden fann dei ut at det ville vore kjekt å spele Pink Floyd-låtar oftare, og Dark Side of the Wall oppstod og har holdt det gåande sidan. 

Fredag 14. februar 2020 gjer Dark Side of the Wall eit av sine største og feitaste show hittil. Det er berre å kjenne si besøkelsestid! 

Dark Side of the Wall er Bjarte Aasmul på gitar, Helge Nyheim på trommer og vokal, Kai Taule på bass og Dag Øyvind Rebnord på tangenter. 

 

Ord. 555,-

Arrangementdato: 
fre, 14/02/2020 - 19:00
Pris: 
Ord. 555,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/609243
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Slideshow: 
TV: 

Både Liv Ullman, Aurora og Helge Jordal til scena på Oseana i haust.

$
0
0
Teaser: 

Store delar av haustens program er allereide i sal, her er nokre smakebitar

Bilde: 

Aller først må vi sjølvsagt seie at vi gledar oss stort til Aurora kjem heim til jul, og igjen skal stå på scena i Oseanasalen. Ho er ute på sin aller første noregsturné, saman med support IRIS.

I oktober tek Riksteatret sjølvaste Liv Ullman med seg på turné. Det er litt av ein prestasjon å få denne travle dama, busett i USA, med seg på noregsreise. Dette blir eit unikt møte med Liv på scena, i samtale med teatersjef Tom Remlov.

Om du likar The Dubliners, kan du sjå fram til Seven Drunken Nights - The Story Of The Dubliners, som kjem tilbake til Noreg i 2019 og til Oseana i haust. Det er etter ein utseld turné i Storbritannia, show i London’s West End og 48 show i Nederland.

Elles har vi høyrt på bjørnafjordingane som ville ha meir stand up. I haust kan du verkeleg få trimma lattermusklane.  Kanskje fekk du med deg Halvor Johansson då han tok tittelen «Dagens komikar» under Comedy Fight Club i Oseana nyleg – i september tek han soloshowet sitt til Oseanasalen. Vidare kjem både Are Kalvø, Kristian Valen og Jonas Kinge Bergland for å skapa latter og god stemning i haustmørket.

Vi gledar oss også stort over at Eva Weel Skram vel å koma tilbake. Det var ei svært god oppleving å ha ho på besøk i 2017, noko både Oseana og publikum sette pris på. På musikksida får vi også besøk av Tenorane og Steffen Horn, samt Øystein Sunde og Meget i sløyd.

Likar du dans er framsyninga BOXISM sjølvsagt. Her kjem nokre av Noregs framste dansarar innan hip hop, samtidsdans, jazzdans og breaking saman. 

Men før alt dette, og litt til, startar sesongen på seinsommaren med Ausekarane som er steik forbanna, og fortset med heile to framsyningar av Bukkene Bruse som skal setja fyr på rompa til trollet.

Følg med på vår heimeside og på Facebooksida vår. Resten av arrangementa for hausten blir lagt ut litt etter litt framover.

Bygdekinoen: The Hustle

$
0
0
Teaser: 

To kvinner med vidt forskjellege bakgrunnar, konkurrerer om å lure ein ung tech-milliardær for heile formua hans. Men det vert snart tydeleg for dei at dei har meir til felles enn ein skulle tru.

 

Josephine Chesterfield er ei glamorøs og forførande kvinne busatt i ein overdådig heim på den franske rivieraen. Hennar forkjærleik er sjukt rike menn frå alle verdshjørne. Inn i denne velorganiserte verda plumper Penny Rust, som er Josephines rake motsetnad på alle frontar.
Der Penny håvar inn pengar ved å lure offera sine i lugubre barer, fyllar Josephine safen med enorme diamantar som ho svindlar til seg i glamorøse casinoer.
Til trass for forskjellage metodar, handterar begge kunsten å svindle menn med stil, og når ein uskuldeg tech-grundar – med stor formue - kjem på bana, slår dei hovuda saman for å sikre sin andel av herlegdomen.

 

Arrangementdato: 
søn, 26/05/2019 - 18:30
Pris: 
116,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
Ticketmaster
Billettinfo: 
Billetter selges på ticketmaster og i resepsjonen
Arrangør: 
Bygdekinoen
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Kino
Video: 

The Hustle Trailer #1 (2019) | Movieclips Trailers

Servering: 
Kiosk i Foaje
Slideshow: 
TV: 

Linda Eide - Oppdrag Mottro

$
0
0
Teaser: 

Som eit lite stykke noregshistorie

Hordaland Teater presenterer:

Linda Eide - Oppdrag Mottro

Ei personleg jakt i ei feles fortid

 

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev, trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

 

Flotte kritikkar i pressa etter urpremiera 10. november!

Bergens Tidende:   TERNINGKAST 5  «I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse.»
…..»Det rolige tempoet og den tilbakelente stilen kler Eide. De små musikksnuttene pakker inn forestillingen aldeles nydelig og fortellingen er i det hele tatt tett og effektiv. Og til sist: for en scenepersonlighet Linda Eide er. Skulle tro hun aldri hadde drevet med noe annet enn scenekunst»

Bergensavisen:   TERNINGKAST 5  «Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»…
«Det er bare Linda Eide som klarer å gjøre et helt ordinært liv om til noe underfundig og fint. Når det kommer til utlevering av egne familiemedlemmer, naboer og andre, så er det to metoder. Det er den Knausgårdske metode, og det er Linda Eides metode. Jeg tror Mottro, eller mamma Eide, er glad datteren ikke valgte førstnevnte.»

Dag og Tid, Jan Landro:

«Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»

 

Avisa Hordaland: «Trampeklapp for Linda og Mottro»  

«Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.»

«Linda og regissør Arvid Ones har på meisterleg vis funne den fine balansegangen som held publikum å tå hev «… «Sjeldan har tida gått så fort.»

 

 

Ord. 395,-

Arrangementdato: 
fre, 20/09/2019 - 19:00
Pris: 
Ord. 395,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/oppdrag-mottro-med-linda-eide-billetter/609975
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Annan
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 
Viewing all 1571 articles
Browse latest View live