Møt Petter Kanin og venene hans
Spelefilm om Beatrix Potter sin kjende barnebokfigur, Petter Kanin
Få barnebokfigurar er så sjarmerande som dei vi finn i Beatrix Potter sitt univers. No er historia om eventyrlystne Petter Kanin her i ein heilt ny versjon for både barn og vaksne.
Petter Kanin forsøker stadig å snike seg inn i hagen til Herr Gregersen for å stjele grønnsakene hans. Det er ingen grenser for kor oppfinnsomme triks han brukar for å lure den gretne bonden. Men når garden blir overtatt av den mykje yngre slektningen Thomas McGregor, får Petter ein langt meir formidabel motstandar å hanskast med. Med hjelp av slektningane sine, Benjamin, Dunhale, Vipsen og Vimsen, må Petter Kanin pønske ut nye planar for å kome seg inn i grønsaksenga. Ein flott film for heile familien basert på Beatrix Potter sine sjarmerande barnebokfigurar. Norske stemmer ved med anna Christoffer Staib, Anders Bye, Siri Nilsen, Marion Ravn, Ina Svenningsdal, Malin Pettersen, Ida lind, Ivar Nørve, Espen Sandvik, Frank Ole Sætrang, Tommy Karlsen Sandum og Benedikte Kruse.
Genre: Animasjon / Eventyr / Komedie
Regi: Will Gluck
Skodespelarar: James Corden, Margot Robbie, Elizabeth Debicki, Daisy Ridley, Rose Byrne, Domhall Gleeson, Sam Neill
Nasjonalitet: Australia / England / USA
Språk: norsk tale


